Vanskeleg å bli kvitt bilen

Dilemma: Fleire folk som går, syklar og reiser kollektivt vil bidra til gateliv og aktivitet, og mindre forureining. Det er derimot vanskeleg å endre transportvanar og infrastruktur.

Bilen som prioritert reiseform

Sidan 1960-talet er bilen den mest føretrekte forma for transport. Medan nokre byar opplever ei oppblomstring av folk som syklar, er bilen framleis mest dominerande i småbyar der avstandane er så store at det ikkje blir oppfatta å vere noko alternativ. Det er ikkje enkelt å redusere bilkøyring og interntrafikk i småbyen. Det handlar om bilkøyring som kultur, men også om infrastruktur. Når småbyen først er planlagt og tilrettelagt for bilen, kan det vere vanskeleg å få til endringar. Det finst få døme på småbyar som har hatt suksess med å redusere biltransporten.

Mangelfulle tilbod til gåande og syklande

Mange småbyar har ikkje eit samanhengande nettverk av infrastruktur for syklistar. Gang- og sykkelstiar som er etablert går ikkje gjennom sentrum, men stoppar ved bygrensa. I mange småbysentrum er gater og vegar tilrettelagt for bilar, meir enn for gåande og syklande. Parkeringa dominerer, og ein er ikkje merksam nok på kva som gjer at folk vel å gå eller sykle.

Grafikk som illustrerar nettverk av sykkelvegar.

Gode grep: Sammenhengande og attraktive gang- og sykkernettverk integrert med knutepunkt. Grafikk: Gehl Architects.

Tryggleik, komfort og positive opplevingar undervegs er alle moment som påverkar den opplevde reisetida. Når ein arbeider med å endre transportvanane til folk, er dette viktig å forstå.

Folk med ulike behov

Tilbodet innanfor kollektivtransport er ikkje godt utbygd i mange småbyar. Det er ei utfordring med tanke på å skape berekraftige småbyar, men også i høve unge og eldre. Desse gruppene er avhengig av godt utbygd kollektivtransport for å kome seg rundt. Difor er god planlegging og variert, lokalt tilpassa tilbod innanfor kollektivtransport viktig når ein skal skape eit attraktiv bumiljø for folk i alle livsfasar.

Finansiering fordelt over tre nivå

Lite kundegrunnlag for kollektivtransport i utkantane fører til at det kan bli vanskeleg å finansiere eit godt tilbod. Ekstra utfordrande blir det når finansieringa innanfor kollektivtransport er fordelt over tre nivå; kommunale, regionale og statlege. Det er difor avgjerande med samspel på tvers.

Tiltak, arbeidsmåtar og verktøy

  • Samordne arealplanlegging og transportplanar med fokus på fortetting omkring bysentrum.
  • Kartlegging av ferdselsvanar – både gåande, syklistar, bilistar og brukarar av kollektivtrafikk.
  • Kampanjar, som kan inspirere til endring i transportvanar.
  • Etablere integrerte og attraktive gang- og sykkelsystem – både til og fra sentrum og innanfor sentrum.
  • Etablere alternative snarvegar gjennom bustadområde eller natur- og friluftsområde for syklistar og gåande.
  • Gjer ein konsekvensanalyse som seier noko om den sosio-økonomiske nytten av investeringar i kollektivtrafikk og infrastruktur for syklistar og gåande.

Døme: Sykkelbyen Alta

I ein av dei nordlegaste byane i Noreg er sykkelbyen Alta etablert. Kommunesenteret er med sine 14 430 innbyggjarar den største tettstaden i Finnmark. Kommunen har gjennomført eit femårig prosjekt, med det føremål at det skal vere enkelt og attraktivt å sykle i Alta. Prosjektet har hatt fokus både mot skular, arbeidsplassar og fritid.

Det er gjennomført ulike typar tiltak, både fysiske tiltak, tilrettelegging, kampanjar og aktivitetar for
ulike målgrupper. Eit av måla har vore å styrke sykling året rundt. Alta fekk Statens bymiljøpris for sitt arbeid i 2014. Arbeidet starta som eit prosjekt, men går over til fast form frå 2016. På denne måten skal arbeidet med å halde oppe entusiasmen i byen, førast vidare. Kommunen har vore flinke til å motivere folk i alle aldrar til å ta sykkelen i bruk året rundt. I tillegg har dei retta søkjelyset mot samanhengane mellom fysisk planlegging og folkehelse og søkt nye vegar for å oppnå klart målbare resultat.

Døme på tiltak er:

  • sykkelparkering både ved skular og bedrifter
  • sykkelteljing på utvalde stadar i byen
  • aktivitetsløype ved skulane
  • sykle til jobben-kampanjar
  • sykkelkart
  • utlån av syklar slik at folk kan prøve ut alternative syklar

I tillegg er det laga plan for vedlikehald og opprusting av eksisterande sykkelvegar, samt nytt samanhengande gang- og sykkelvegnett og snarvegar.

Barn som syklar. Foto.

Sykkelopplæring i Alta.