Vanskeleg å gå frå visjon til til realisering

Dilemma: Det kan vere lett å vere samde om visjonane om å skape ein attraktiv småby, men det er når visjonar skal realiserast, kanskje gjennom upopulære tiltak, at det kan oppstå mishøve mellom det kortsiktige og det langsiktige perspektivet.

Lokaldemokratiet

Byutvikling krev mellom anna planlegging med langsiktig perspektiv, felles delmål og mål, prioriteringar og pengar. I eit slikt arbeid kan det fort oppstå utfordringar mellom utålmodige, kommunale politikarar som er valde for fire år av gangen, og administrasjonen som er vande med meir langsiktige perspektiv. Sidan det politiske leiarskapet ikkje er konstant, kan det føre til vanskar med å realisere visjonar andre har satt før noverande leiing kom til makta. Utålmodige politikarar kan få det travelt med å syne til konkrete og populære resultat i perioden.

Små forhold og tette band kan vere både positivt og negativt. Tette og nære band mellom politikarar og innbyggjarar kan vere utfordrande med omsyn til habilitet og påverknad. Ein skal ha mot til å styre beinhardt etter ein felles valt strategi, sjølv om det vil føre til upopulære tiltak. Det tette forholdet kan også vere ein styrke fordi det kan skape engasjement og felles eigarskap i utviklinga av småbyen.

Grafikk som illustrerar visjonsprosessar

Gode grep: Støtte innovasjonsprosessar – både ovanfrå og nednfrå.

Uklare visjonar

Visjonar om den attraktive småbyen kan lett oppfattast som diffuse og lite konkrete. Det kan føre til at politikarar på tvers av partipolitiske skillelinjer kan vere samde om visjonen, ein visjonsplan, men kan bli sterkt usamde i korleis det skal konkretiserast i form av handlingar for å nå målet.
Det lettar arbeidet om ein bruker tid på å diskutere kva ein legg i omgrepa ”attraktivitet” og ”berekraftig”, slik at politikarar og administrasjon har felles forståing.

Manglande prioritering

Det er sjelden mogeleg å gjennomføre alle delar av ein visjon, spesielt i småbyar med manglande ressursar. Difor er det avgjerande med prioriteringar for ikkje at dei overordna visjonane skal forsvinne. Som eit resultat av manglande prioritering kjempar mange småbyar med å vite når dei faktisk er i mål. Diskusjonar om delmål alle kan einast om, er viktig for å halde stø kurs mot målet i visjonen, til dømes:  ”Attraktiv og berekraftig småby – som det skal vere godt å bu i.”

Tiltak, arbeidsmåtar og verktøy

  • Etablere prosessar som konkretiserer visjonar og skaper høve for å prioritere innsats.
  • Skape felles framtidsbilete tidleg i prosessen mellom politikarar, byråkratar og private utbyggjarar.
  • Skape forståing av kva som verkar – både gjennom pilotprosjekt der idéar blir testa, samt gennom målingar av effekt. Vis fram delresultata.
  • Administrasjonen i kommunen kan bidra med å så idéar, som kan mognast over tid hjå politikarane.
  • Byggje opp tillit mellom ulike aktørar, som kan hjelpe, når dei vanskelege sakene kjem til politisk handsaming.
  • Kombinere raske resultat med langsiktige tiltak, og feire begge delar.
  • Kombinere upopulære tiltak med meir populære tiltak.

Folk som spelar volleyball.

Ulsteinvik
Foto: EIDE,PER

Lange linjer og felles visjonar i Ulsteinvik

Ulsteinvik i Ulstein kommune, Møre og Romsdal, er eit eksempel på ein langsiktig prosess. Arbeidet resulterte i Statens pris for attraktiv stad i 2012. Grunnen vart lagt i 1999 med ein sentrumsanalyse, som i 2000 vart følgt opp med vedtak om å ruste opp sentrum og å gi Ulsteinvik formell bystatus. Vidare vart deltakinga i det nasjonale Tettstedsprogrammet (2001-2005) eit godt høve for kommunen til å vurdere si eiga rolle som utviklingsaktør. Programmet førte til endringar i arbeids- og tenkemåte, medvitgjering rundt verdien av samarbeid mellom private og offentlege aktørar, utvikling av ein sterk «vi- kultur» og tru på kva som er mogeleg å få til saman.

Rådmann Einar Vik Arset er stolt over byutviklinga i Ulsteinvik, men understreker
at dette er lange, krevjande prosessar og lite «quick-fix». Då er det særleg viktig å ha ein felles visjon å halde fast i, og samstundes konkrete mål som gjer at politikarar, administrasjon, næringsliv, frivillegheita og innbyggjarane har felles forståing av retning og tek eigarskap til prosjekta. «Vi har teke små steg, men har heile vegen hatt ei overordna plan for kva vi ønskjer å oppnå», seier Arset.