Ullensvang kommune

Ullensvang kommune deltek i prosjektet Aldersvennlege bustadar og bumiljø i distrikta. Prosjektet er eit samarbeid mellom Husbanken, Distriktssenteret og 11 kommunar.

Kommunen ligg i Vestland i indre del av Hardanger. Ullensvang er Sør-Norges største kommune målt i areal og har i dag litt over 11 000 innbyggjarar.

Lite nybygging

Talet på eldre over 80 år er i dag om lag 800 og dette venta å auke til om lag 1300 i 2040. Som mange andre distriktskommunar har Ullensvang ein bustadmasse med ein overvekt av småhus. Tal frå SSB viser at det i kommunen er om lag 5 300 småhus og 800 leilegheiter. Bustadblokker utgjer under 10 prosent av bustadane i kommunen. Kommunen har også nokså lite nybygging. Tal frå SSB syner at det dei siste 20 åra (2001–2020) er det bygd 372 bustader i kommunen i den ordinære bustadmarknaden, og at 282 av desse er småhus (75 %).

ullensvang tabell

Kommunale tenester til eldre

I samband med delen av eldre i folkesetnaden i kommunen aukar, vil også behovet for tenester til denne gruppa auke. Med ein auke i delen av eldre i Ullensvang kommune, vil også aldersbæreevna verte redusert dei neste 20 åra.

Vestland fylke og SSB.no har litt ulike tal i forventa aldersbæreevne for Ullensvang kommune i sine framskrivingar.

Årstall 2020 2025 2030 2035 2040 2045
Vestland 2,91 2,48 2,12 1,79 1,59 1,48
ssb.no 2,90 2,50 2,24 1,96 1,82 1,76

Kva som vert realiteten vil ha stor innverknad på tenestetilbodet kommunen er i stand til å tilby. Det er ei stor endring frå dagens situasjon fram mot 2050.

Kommunen sine planar

Ullensvang kommune har vedteke Handlingsplan Bustad – År 2021–2025 – ein bustadsosial temaplan med tiltak for å samarbeide betre og ha eit meir tverrfagleg fokus på bustadarbeid. Planen har innsatsområde og tiltak innanfor organisering, bustadsosialt arbeid og generell bustadutvikling. Planen går ikkje i detaljar i planlegginga for konkrete prosjekt, til dømes areal, nye bustadfelt, bustader. Det vert tatt vare på gjennom andre planar og i eigne saker, men tiltaka i handlingsplanen skal bidra til at slikt arbeid i kommunen vår skal få best mogeleg tverrfagleg fokus. Fleire av tiltaka i planen går på korleis Ullensvang kommune skal kunne arbeide innanfor bustadområdet for å bidra til eit meir aldersvenleg Ullensvang.

Samfunndelen av kommuneplanen vart vedteken i februar 2021, og arealdelen er under oppstart. Både samfunnsdelen og arealdelen legg vekt på tilrettelegging for dei som har utfordringar i kvardagen. Fleire av hovudmåla i samfunnsdelen er direkte knytt til å gjere kvardagen enklare og betre for den eldre andelen av befolkinga. Samfunnsdelen gjev føringar for arealdelen. Dei føringane som gjev størst innverknad på dei eldre sin kvardag er universell utforming og fortetting i sentrumsområda og tilrettelage bustadar. Planane finn du på nettsida til Ullensvang kommune.

I tillegg har Ullensvang kommune under arbeid “Leve heile livet” plan, der det eine kapittelet; “Eit aldersvenleg Ullensvang”; nevner ulike tiltak for aldersvenlege bustader og bumiljø. Dei andre kapittela i planen vil også ha tiltak som vil ha innverknad på dette feltet.

Ullensvang kommune har vedteke oppstart på ein helse- og omsorgsplan.