Formålet med hovedprosjektet er å auke attraktiviteten til området som bustad- og reisemål og å skape verdiskaping og vekst i det lokale næringslivet. Dette vil ein gjera gjennom å ta vare på og utvikle dei særeigne kultur- og naturressursane i området.
Stort potensiale
Landskapsområdet fra Tjøtta til Alstahaug på Helgelandskysten er rikt på kulturhistorie og naturverdiar. Mellom anna er området kjend for vikinghistorie, krigshistorie, Petter Dass-museet, eit vakkert kulturlandskap, ein flott skjergard og sagnomsuste fjell. Vegaøyane med verdsarvstatus ligg like ved og fylkesveg 17 – Kystriksveien har fått status som nasjonal turistveg.
Eit fellestrekk i landskapsområdet er at potensialet er lite utnytta. Det er lite tilrettelagt for turistar både når det gjeld basisbehov og tilrettelegging av opplevingar. Det er mange muligheter som kan bidra til ny næringsaktivitet og verdiskaping.
Tiltak
Prosjektet har ei lang liste med tiltak som kan gjere området meir attraktivt mellom anna samle og marknadsføre eksisterande tilbod, betre skilting og synleggjering av attraksjonar og aktivitetar, rydding og merking av turstiar, satsing på lokal mat, skjøtsel av kulturlandskapet, utvikling av nye aktivitetar som jaktturisme, havrafting, elgsafari med meir.
Hovedprosjektsøknad
Forprosjektet skal resultere i ein søknad på hovedprosjekt. Forprosjektfasen skal nyttast til studiereise til Vestlandet, allmøte med invitert fasilitator, konkretisering og forankring av planane og utarbeiding av hovedprosjektskisse.
Dette er eit av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).