Stalheim landskapspark

Forprosjektet ”Frå frø til øl og brød” skal setja fokus på gamle tradisjonar innan korndyrking, kornforedling, baking og brygging.

Stalheim landskapspark er lokalisert rundt bygdene Stalheim, Haugsvik og Vinje i Voss kommune og er opptekne av å ta vare på gamle tradisjonar.

Forprosjektet er eit samarbeid mellom fleire aktørar i landskapsparken, både godt etablerte og ny næringsverksemd. Prosjektet skal driva merkevarebygging, kursing og studieturar og har ei firedelt målsetjing.

Kurs i gamle mattradisjonar

Tilby kurs og opplevingar knytt til økologisk dyrking av korn og humle. Gjennom kurset vil deltakarane og bli vist kvern og bake/brygghus. Det vil og bli tilbydd kurs og opplevingar i baking og brygging.

Lokalmat

Tilby lokalmat og kortreist mat til kurs og opplevingar som turistverksemdene i området arrangerer.

Opplevingssenter

Planlegge eit opplevingssenter der alle samarbeidande aktørar i prosjektet kan verte samla under eit tak. I opplevingssenteret skal det vera matlaging, baking og brygging der tilreisande kan delta i aktivitetane og kjøpa opplevingar.

Undervisningsopplegg

Utvikle prosjekt retta mot skuleklassar. Målet er å laga ei lærebok som skal syna gamle kunstar innan matlaging, baking, brygging og andre relevante aktivitetar.

Dette er eit av totalt 22 prosjekt i ”Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar” i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

Leiar i Stalheim Landskapspark: Leif Inge Hauge