Spreidde sentrumsområder

Dilemma: Eit konsentrert sentrum er ei føresetnad for å skape meir attraktive og berekraftige småbyar, men det kan vere vanskeleg å trekke sentrumsgrensa og takke nei til viktige investeringar utanfor sentrum.

Finn bygrensa

Ei heilt grunnleggjande utfordring for mange småbyar er å teikne inn bygrensa, finne ut kva type sentrum ein ønskjer å skape og ikkje minst; kven dette sentrumet skal vere attraktivt for. Fleire småbyar ønskjer på den eine sida å skape attraktive sentrum for innbyggjarane, på den andre sida å skape eit sentrum som er attraktivt for forbipasserande langs gjennomfartsvegen – i konkurranse med nabokommunane.

Kva målgruppe ein planlegg for, har stor innverknad på kor grensene skal trekkast og kva type sentrum ein vil skape. Plassering av funksjonar innanfor eit definert sentrum kan også ha
stor innverknad på kvaliteten på sentrumet. Feilplassering av viktige funksjonar, kan medverke til at folk blir unødig spreidde. På den måten kan mange tynt befolka sentrum fortone seg som stadar utan liv, noko som er lite attraktivt.

Illsutrasjon av sentrumssoner. Grafikk.

Gode grep: Klare Prinsipp for sentrumssoner. Grafikk: Gehl Architects

Lokalisering utanfor sentrum

I dag er mykje lokalisert utanfor sentrum.Det gjeld bustadar og kontor, men også i stor grad kjøpesenter. Når ein investor kjem med forslag om å byggje eit nytt kjøpesenter ved gjennomfartsåra utanfor sentrum, er det lett å takke ja framfor å halde strengt på at slike funksjonar må lokaliserast innanfor sentrumssona. Dette mishøvet speglar at byutvikling og næringsutvikling i for liten grad blir sett i samanheng.

Ein del av kommunen arbeider med å skape eit kompakt og attraktivt sentrum, medan den andre delen av kommunen har fokus på å skape vekst og tiltrekkje arbeidsplassar til kommunen.

Sentrum, satelitt og transportbehov

Attraktive og berekraftige bumiljø

Denne artikkelen er henta frå heftet Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

Framside av rapport - Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

Utfordringa med å skape eit kompakt sentrum, er ikkje berre ein konsekvens av konkurransen med andre småkommunar i nærleiken. Det er mange døme på at innanfor ein enkelt kommune finst fleire sentrum som konkurrerer med kvarandre. Mange småbyar manglar ein klar strategi for kva forholdet mellom sentrum og mindre satelittar skal vere.

Kompakt utvikling og fortetting kan i følgje forskar Anders Tønnesen frå TØI, ta mange former. Det er godt å gjere sentrum tettare, meir kompakt, men det er like viktig å sjå på det som skjer utanfor sentrum. Spreidde busetnadsmønster betyr også meir arealbruk. I mange kommunar blir det bygt satelittar som også skaper eit stort transportbehov, som typisk nok berre kan løysast med auka bilbruk. Det er difor utfordrande å skape levande sentrum når bilene er avgjerande for å få kvardagen til å gå opp. Det er viktig å leggje til rette for folk, ikkje berre bil.

Tiltak, arbeidsmåtar og verktøy

  • Kartleggje dei ulike typar sentrum innanfor kommunen; deretter fastleggje innbyrdes rolla og funksjon.
  • Klare retningsliner for lokalisering av sentrumfunksjonar, destinasjonar og offentlege funksjonar slik at dei får ein betre samanheng og innbyrdes synergi.
  • Klar kommunikasjon om sentrumsgrensa og betydninga av ho.
  • Bedre koordinering mellom bustadutvikling og næringsutvikling.
  • Samlokalisering kan bidra til eit breiare tilbod av tenester og opplevingar, og sikre ein effektiv bruk av ressursar og fasilitetar.
  • Meir samspel mellom kommune og lokale aktørar – både næringsliv og innbyggjarar.

Døme: Tett og triveleg i Norheimsund

Norheimsund i Kvam, Hordaland, med 8500 innbyggjarar fekk i 2013 Statens pris for attraktiv stad. Eit tett og levande sentrum med god tilgang til fjorden vart framheva som markert trekk og kvalitet ved staden. Det er eit resultat av ein medviten og konsekvent arealpolitikk over lang tid. Arealstrategiane for tettstads- og bustadutviklinga er forankra i kommuneplanen. Her er ein tydeleg sentrumssone definert. Alle offentlege og private tenestetilbod, samt detaljhandel skal lokaliserast i sentrum eller innanfor 10 minuttars gåavstand frå sentrum.

Arealkrevjande næring skal lokaliserast i utkanten av sentrum. Norheimsund har stått imot kjøpesenterpresset og klart å ta vare på eit mangfald av butikkar langs hovudaksane. Rett nok er eit mindre butikksenter etablert, men som ein integrert del av handlegata. I hovudgata er no også biblioteket lokalisert, som kan syne til god auke i utlån- og besøkstal.

Eit anna grep som Norheimsund ser ut til å meistre godt, er å byggje tett når staden veks. Overskotsmasse frå vegprosjekt i regionen er er brukt til utfylling og har gjort det mogeleg å utvikle eit fjordnært sentrum med attraktive bustadområde, badeplass, gjestehamn og ein universelt tilgjengeleg fjordsti. Bustadpolitikken støttar det kompakte sentrumet ved å vere konsekvente på at einebustadar berre kan byggjast utanfor sentrumssona og utanfor området definert som 10 minuttars gåavstand. Særleg gode bustadområde blir likevel definert til ikkje å ha meir enn 20 minuttars sykkelavstand frå sentrum, og med etablerte gang- og sykkelvegsystem.

Norheimsund sett frå lufta. Foto

Norheimsund. Foto: Leiv Kastadalen.