Sentrum utan liv

Dilemma: Meir liv i sentrum er viktig for å skape attraktive småbyar, men mange menneske er slett ikkje i sentrum; dei er på kjøpesenteret, på skulen eller i sportshallen.

Det neglisjerte liv

Mange sentrum i småbyar blir opplevd som å vere utan liv. Det er ingen som går i hovudgata, og fleire sentrum slit med nedlegging av butikkar. Det betyr ikkje at det ikkje er potensial for liv, men dei stadane folk samlar seg er anten utanfor sentrum, eller ikkje synlege i gatebilete eller dei er blitt slukt opp av dei nærliggjande parkeringsplassane.

Denne utfordringa deler småbyane med større byar. Byromma er overdimensjonerte i høve til menneskemengda som bur på staden. Det er spesielt synleg i mindre småbyar der færre menneske gjer at byromma fort verkar forlatt og utan liv. Ein analyse av småbyar i Danmark syner at daglegvarebutikken er stadar med stort potensial for byliv.

Byliv – ikkje berre butikkliv

I mange mindre byar er hovudgata med butikkane hjarta i sentrum, og ein tenkjer dermed at butikkliv er lik byliv. Dette er ei utfordring i dag, når detaljhandelen møter konkurranse frå netthandel og stor butikkjeder. Ikkje minst i småbyar der det ikkje er menneskemengde stor nok til å oppretthalde eit breitt utval av butikkar. Det betyr at det ikkje er butikkane åleine som skal bidra til å gjere småbysentrum levande, men at det er bruk for ein større grad av mangfald i opplevingar i bysentrum.

I mange småbyar er det avgrensa bilfrie areal, store parkeringsplassar er ofte dominerande og lite innbydande til anna aktivitet enn parkering. Ein må planleggje for fleire målgrupper – samstundes.

Illustrasjon attraktive bumiljø mangfald av aktivitetar

Gode grep: Syn fram livet som finst og opne opp for eit mangfald av aktivitetar. Grafikk: Gehl Architetcs.

Folk vil ha bilfrie gater

Ei undersøking Hordaland fylkeskommune gjorde i 2013, synte at berre 20 prosent av dei spurte i Hordaland føretrakk ”sentrum som kjøpesenter”. Heile 80 prosent ønskte seg sentrum som ”ein liten by med gater og plassar”.

Attraktive og berekraftige bumiljø

Denne artikkelen er henta frå heftet Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

Framside av rapport - Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

Ei bylivsundersøking frå Oslo i 2014, syner at det er ein klar samanheng mellom bilfrie gater og trivsel. Folk trivst i område som ikkje er dominert av bilar, der mange menneske bur og med aktivitet på gatenivå. Mange småbyar har derimot lite bilfrie areal. Store parkeringsplassar kan fort dominere sentrum og inviterer til lite anna aktivitet enn parkering.

I dei siste åra har det skjedd ein markant auke i talet på kaféar – også i dei nordiske byane med kaldare klima. Kaféliv er eit etterspurt tilbod også i småbyen, blant anna som lågterskelmøteplass for tilflyttarar og andre. Nokre menneske ønskjer grøne areal; ikkje nødvendigvis i form av større naturområde utanfor sentrum, men også mindre område i sentrum, der ulike aktivitetar kan utfalde seg.

Generelt er det behov for større grad av mangfald i høve til rom, funksjon, aktivitetstilbod og arrangement. Ein må ha fleire tankar i hovudet – samstundes: Det same området kan nyttast til ulike føremål og for ulike grupper til ulike tider av døgnet og året.

Tiltak, arbeidsmåtar og verktøy

  • Skape føresetnadar for og arrangere ulike typar arrangement.
  • Planlegge møtestadar etter behov frå ulike brukargrupper.
  • Tilpasse omfanget etter menneskemengda – byrom som skaper nærleik mellom menneske
  • Aktivitet på gateplan (bustadar, kontor, butikkar og kulturfunksjonar) kan bidra med liv.
  • Skape attraktive byrom rundt ulike sentrumsfunksjonar, som til dømes kollektivknutepunkt.
  • Planlegge for ulike typar av grøne område og rekreasjonsområde – også i sentrum.
  • Ta i bruk ’Barnetråkk’ og andre liknande verktøy for å forstå åtferda og behovet til ulike brukargrupper.

Døme: Landsbyen Ringebu – med aktivitet i sentrum

Ungar med syklar på sykkelrampe i Ringebu sentrum. Foto.

Sykkelrampe i Ringebu sentrum. Foto: Britt Åse Høyesveen, Ringebu kommune
Foto: Britt Åas Høysveen, Ringebu kommune

Ringebu kommune, Oppland, har dei siste åra styrka særpreg og attraktivitet gjennom at dei har ei aktiv satsing på å ta i bruk uteromma i landsbyen. Brukarmedverknad er viktig og dei har lukkast med å involvere både private, næringsliv og kommunen. Ringebu kommune fekk Statens bymiljøpris i 2011 for satsninga.

Aktivitet skaper folk! Uteromma i sentrum blir brukt aktivt i mange arrangement. Kommunen har jobba målretta med å betre og utvikle møteplassar og uterom, ved å gjere tettstaden brukarvenleg og visuelt attraktiv, samt å utvikle møteplassar på tvers av generasjonar.

Med imponerande frivillig innsats og samarbeid med næringslivet, er det aktivitet i gågata kvar laurdag heile sommaren. Kvart år blir det laga program med sosiale og kulturelle aktivitetar i sentrum; til dømes festivalar og marknadsdagar, som er knytta til lokalkultur og særpreg. Det er ein vellukka balanse mellom ulike behov frå lokalfolkesetnaden og den sesongvis store mengda av fritidsbrukere. Dette er viktig når kommunen har like mange fritidsbustadar som fastbuade.

Kvartalsstrukturen i sentrum er tydeleg og utgjer særpreget til Ringebu. Strukturen gir komprimerte uterom og mogelegheiter for mange uformelle og ulike møteplassar. Trafikkfrie område er attraktive møteplassar, og handelsstanden har fått auka omsetnad etter at gågata vart etablert.