Ordførar på lag med kystarven

Ordførar Frida Melvær (H) ser på Askvoll som ein spennande kommune å styra. Samstundes er samarbeidet med dei 5 kommunane i Hafsregionen svært viktig.

Kva er de mest stolte av i Askvoll?

– Først og fremst er vi stolte over innbyggjarane våre, folka som bur her og deira engasjement for lokalmiljøa si utvikling og framtid, fortel Melvær. – Summen av alle gode krefter, i alle aldrar og i alle miljø, er det som skapar trivsel og bulyst, meiner ho. – Eldsjelene er mange, både innan frivillige lag og organisasjonar og i privat og offentleg næringsliv. At vi har greidd å snu ei dyster folktalsutvikling til pluss. – Mangfaldet er stort både i natur- og kulturopplevingar og næringsliv. Eit godt utbygd sørvistilbod i sentrum er viktig, seier ordføraren. Det er til dømes ikkje mykje vi må ut av kommunen for å handle. Tilbodet er godt til å vere ein så liten kommune. Eg trur også tilreisande/turistar opplever det slik.

Kva for utfordringar har Askvoll?

– Som mange småkommunar er den økonomiske situasjonen også ei utfordring for oss. Vi har mange bygdelag, som både skal ha sitt og krev sitt. Difor blir det viktig å få til ein god dialog for å utnytte dei midlane vi har på beste måte. Det å sjå moglegheitene og framheve desse, er noko som heile tida må ligge langt framme i pannebrasken. – Kommunikasjonane kan vere ei utfordring – internt i kommunen og kommunikasjonar langs kysten særleg nordover mot Florø.

Prosjektet kystarven er eit fellesprosjekt i dei 5 HAFS-kommunane. Korleis ser du på prosjektet frå din ståstad?

– Kystarvprosjektet i regi av det nasjonale programmet Naturarven som verdiskapar, er eit spennande prosjekt for både Askvoll og dei 4 andre kommunane (Solund, Hyllestad, Fjaler og Gulen) i HAFS-regionen, meiner Melvær. Vi i Askvoll saman med Solund var motoren i starten, men fleire prosjekt har samla regionen til endå sterkare identitet, og totalt er det arbeidd med 5 delprosjekt, fortel Melær. Ho vil trekke fram eit av delprosjekta. Det har vore etablering av eit sti og løypenett i alle kommunane, der 20 stiar er rydda i kvar kommune. Skilting og merking er no i full gang, og med god dugnadsinnsats er det eit mål å ha dette klart ved utgangen av året, då hovudprosjektet skal avsluttast.

– Sjølv om bygdene og kommunane har hatt sine eigne stiar framstår prosessen og arbeidet med Kystarvstiane likevel som eit felles arbeid mot eit felles mål, meiner ordføraren. Det er kome mange gode tilbakemeldingar på arbeidet, ikkje minst frå reiselivsnæringa. Heilskapen i merking, skilt og kart er flott.

– Eg trur at kystarvprosjektet vil vera ein inspirasjon til å gå vidare med denne måten å jobba på både i Askvoll og i resten av heile HAFS-regionen, avsluttar Melvær.

Fakta om Askvoll

Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Kommunen strekkjer seg frå bygdene på sørsida av Førdefjorden i aust og til Bulandet i vest (Noreg sin vestlegaste busetnad), og med bygda Holmedal langs nordsida av Dalsfjorden i sør. Kommunesenteret Askvoll ligg sentralt i midten, og her er mange av dei kommunale tenestene lokalisert.