Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde

Prosjektet er ein forstudie med mål om at dei fire kommunane i landskapsvernområdet saman skal undersøke ulike mogelegheiter for å skape næringsutvikling i landskapsvernområdet og bygdene og dalane rundt.

Forstudiet «Næringsutvikling i Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde» skal gje grunnlag for å vurdere ei vidare satsing på næringsutiklingsideane som kjem fram.

Villmark

Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde vart verna i 2009 og dekker 394 kvadratkilometer i kommunane Naustdal, Førde, Jølster og Gloppen i Sogn og Fjordane fylke. Landskapsvernområdet femner om både lågland med stølsdalar, vakker vassdragsnatur, rike myr- og deltaområde og fjellområde med brear. Her finn ein det største urørde villmarksarealet i ytre dal av Sogn og Fjordane.

Målet med prosjektet er å undersøka mogelegheitene for å skapa næringsutvikling i landskapsvernområdet, her frå Langedalen. (Foto Asbjørn Gimmestad)

Målet med prosjektet er å undersøka mogelegheitene for å skapa næringsutvikling i landskapsvernområdet, her frå Langedalen. (Foto Asbjørn Gimmestad)

Utvikling og samarbeid

Forstudiet skal femne breitt og hente inn impulsar og idear for kva som kan ha potensiale til å bli næringsretta utviklingsprosjekt. Ein vil undersøke både om det er mogeleg å få i gang ny næringsutvikling og å styrke den eksisterande næringa, som i dag er landbruk. Eit anna viktig mål med forstudiet er å bygge formelle samarbeidsstrukturar og utvikle ei felles forståing av måloppnåing og krav til samarbeid på tvers av kommunegrenser.

Innspel

Det er oppretta ei styringsgruppe for næringsutvikling i landskapsvernområdet og områda rundt som representerar grunneigarane. Ein vil henta inn innspel frå bygdelag og grunneigarlag og søke erfaringar frå relevante prosjekt nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet vil vurdere tiltak utfrå særmerkte ressursar i området, grunneigarane sitt næringsperspektiv og ynske frå andre brukarar av området.

Målet er at kommunane saman skal undersøke ulike mogelegheiter for å skape næringsutvikling i landskapsvernområdet samt bygdene og dalane rundt.

Dette er eit av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).