Elisabeth Veivåg Helseth
I undersøkingar om kva som gir bulyst, legg innbyggjarane i distrikta vekt på at naturen er viktig for at dei bur der dei bur. Vi har undersøkt kva verdiar frå den lokale naturen innbyggjarane vektar høgast, kva verdiar som vinn fram i avgjerdstaking, og kvifor. Her kan du lese litt om resultata.
Natur er viktig for norske lokalsamfunn på mange måtar. Natur utgjer livsgrunnlaget vårt, og betyr mykje for både livskvalitet og helse. Mange distriktssamfunn er tett knytt til naturen og landskapa dei er del av. Men i dag opplever vi også omfattande tap av natur, mellom anna som følgje av nedbygging, der naturområda vert stadig meir oppstykka og einsarta.
Prioriterer kortsiktige marknadsverdiar
Det Internasjonale Naturpanelet (2022) meiner at det er ein tett samanheng mellom naturtap og måten vi verdset natur på. Særleg finn dei at politiske og økonomiske avgjerder prioriterer kortsiktige marknadsverdiar på bekostning av miljømessige og kulturelle verdiar. Dei seier også at det er eit stort behov for å fremma eit større mangfald av verdiar i alle typar avgjerdstaking.
Eit større mangfald av verdiar handlar både om kjerneverdiane våre – altså dei verdiane vi tek avgjerder med utgangspunkt – og om kva type konkrete verdiar frå natur vi legg vekt på i ulike situasjonar.

Eksempel på konkrete verdiar:
Instrumentelle verdiar handlar om den nytteverdien naturen har for oss menneske, mellom anna som ressurs eller eigedom.
Relasjonelle verdiar er dei verdiane som oppstår i sampelet mellom menneske og natur, som når naturen er viktig for vår eiga stadkjensle og identitet.
Ibuande verdiar handlar om at naturen har ein verdi uavhengig av den verdien vi menneske tillegg den.
Klikk her for å sjå det internasjonale rammeverket for naturverdiar.
Doktorgrad om naturverdiar
Gjennom eit doktorgradsarbeid ved NMBU, har Distriktssenteret satt søkelys på kva innbyggjarane i distriktskommunar tenker om verdiar av natur der dei bur, og om berekraftig samfunnsutvikling. Konkret har prosjektet undersøkt korleis ulike tilnærmingar til å verdsette og forvalte skogøkosystem kan fremja berekraftsendringar. Prosjektet har studert kva drivkrefter som påverkar økosystem som skog, kva verdiar som vert prioriterer når ein tek avgjerder lokalt og nasjonalt, og ikkje minst kven som har makt til å avgjere kva verdiar som vinn fram.
Sjølv om doktorgradsprosjektet handla om skog, er kunnskapen relevant for mange ulike typar natur. Resultata frå prosjektet gir oss kunnskap om kven sine verdiar som blir teke omsyn til, og om maktbalansen knytt til naturverdiar lokalt og nasjonalt. Slik kunnskap er viktig for at ein skal kunne integrere eit breiare mangfald av verdiar i avgjerdsprosessar.
Samstundes gir prosjektet kunnskap om korleis kommunane kan arbeide for å styrke medverknad i arbeidet med berekraftig samfunnsutvikling.
Korleis er skog viktig?
Norge består av nesten 40% skog, og skog er viktig for oss på mange måtar. Den gir oss mellom anna tømmer og energi. Vi kan også få mat frå skogen, for eksempel frå jakt, frå dyr på beite, eller frå at me kan hausta bær og sopp. Skogen har og viktige regulerande funksjonar, som for eksempel karbonopptak og lagring, og den er heimen til veldig mange planter og dyr. Skogen kan bety mykje med tanke på rekreasjon og følelsen av å høyra til ein plass.
For å forstå meir om kva verdiar som vinn fram i skogforvaltinga, og kvifor, spurte vi innbyggjarane i 10 distriktskommunar om deira forhold til skog. Heile 72 prosent svara at skog er viktig for dei. På spørsmål om på kva måte skog er viktigast for dei og deira lokalsamfunn, legg folk særleg vekt på rekreasjon og friluftsliv, og skogen som heim for dyr og biologisk mangfald.
Generelt er folk er mykje meir opptekne av skogen sin betydning for friluftsliv og heim for dyr og biologisk mangfald, enn for eksempel for tømmer eller karbonlagring.
Askvoll, Vang, Bykle, Solund og Hyllestad

Figur 1 viser resultat frå spørjeundersøkinga blant innbyggjarane i Askvoll, Vang, Bykle, Solund og Hyllestad (1105 respondentar). Desse kommunane har ganske variert grad av skog.
Grue, Sør-Aurdal, Engerdal og Rendalen

I nokre typiske «skogkommunar», er det enda fleire av innbyggjarane som er opptekne av skogen som arena for friluftsliv (Figur 2, 743 respondentar). Her er det berre 3% som ikkje er einige i at skogen er viktig for friluftsliv lokalt.
Ubalanse i kva verdiar som vinn fram
Eit av funna er at det er ein ubalanse i kva verdiar som vert fremma i norsk skogforvaltning. Dei godane frå naturen ein kan handla med eller bruka direkte, som tømmer, vert favorisert til fordel for andre naturgodar som for eksempel naturmangfald eller rekreasjon. Doktorgradsprosjektet finn også at offentlege tilskot som er innretta mot effektiv produksjon av tømmer bidreg til å oppretthalde denne ubalansen.
Sjølv om innbyggjarane gir uttrykk for at skog i kommunen er viktig for dei, er det berre 11 prosent som føler seg involvert i skogforvaltninga lokalt. Her spelar eigarskap ei rolle, og dei som eig skog føler i litt større grad at dei får vere med å bestemme. Det er få arenaer for å medverke for dei ikkje eig skog, og systemet legg i liten grad opp til at folk skal engasjere seg i skogforvaltninga lokalt.
Manglar arenaer og vurderingsmetodar
Dei viktigaste arenaene for å fange opp og prioritere skogverdiar er i dag kost-nytte analysar, skogbruksplanar, konsekvensutgreiingar, og medverknadsprosessar som del av kommuneplanar. Dei fleste av desse arenaene er dominert av vurderingar frå «ekspertar», og av økonomisk eller naturvitskapleg kunnskap.
Unnataket er medverknadsarenaer, der det er rom for å gi uttrykk for eit større mangfald av verdiar. Men slike prosessar blir i liten grad brukt i spørsmål som gjeld skog. Generelt manglar det særleg arenaer og vurderingsmetodar som er eigna til å ta omsyn til det ein kallar for relasjonelle eller kulturelle verdiar, som m.a. skogen sin betydning for stadkjensle.
Ettersom kvinner og dei som ikkje eig skog vektlegg relasjonelle og kulturelle verdiar høgare enn menn og skogeigarar, peikar dette mot maktskeivhetar i avgjerdsprosessane – som også resulterer i ulik fordeling av godar frå skog.
Utfordrande å mobilisere
Doktorgradsprosjektet peikar på at mens «allemannsretten» sikrar norske innbyggjarar ein rett til å ferdast fritt i skog, er deira rett til å medverke i forvalting av skogen i praksis marginal. Mange av prosessane knytt til skogforvalting er i stor grad styrt frå nasjonalt nivå eller gjennom private aktørar. Dette utgjer ei utfordring når kommunen, eller andre, skal mobilisere til medverknad i berekraftsarbeid lokalt.
Funna tyder på at dersom vi skal forvalta naturområde, som skog, for berekraftig samfunnsutvikling, så vil dette krevja at vi tek omsyn til eit breiare mangfald av verdiar. Dette er viktig kunnskap som del av arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel og arealstrategi.
Eit viktig punkt er å legge til rette for prosessar som involverer breitt. Dette betyr at ein må involvera fleire enn dei som eig naturområde, eller har direkte interesser på ulikt vis. Vi må skape fleire arenaer for medverknad, og utvikle verdispråk som gjer at folk kan få gi uttrykk for sine verdiar. Ein måte å involvere breitt på kan vere å opprette representative utval, eller det ein kan kalla for borgarråd.
Doktorgradsprosjektet har produsert desse akademiske artiklane:
Helseth, E. V., Vedeld, P., & Gómez-Baggethun, E. (2024). Balancing investments in ecosystem services for sustainable forest governance. Forest Policy and Economics, 169, 103364.

