Manglande ressursar og kompetanse

Dilemma: Mange småbyar har fokus på å skape attraktive bymiljø med parkar, gater og møteplassar, men manglar ofte ressursar og kompetanse til å gjennomføre planane. Småbyane vegrar seg også for å sette kvalitetskrav, i frykt for å skremme vekk utbyggjarar.

Byplanlegging i småbyar

Kommunen har eit særskilt ansvar for å ta på seg oppgåva som samfunnsbyggjar. Men samfunnsplanlegging blir til tider redusert til arealplanlegging, og ein mister difor mogelegheiter for å påverke utviklinga av byen og regionen.

I dei mindre kommunane er det ofte berre nokre få personar som arbeider i planavdelingane. Dette kan føre til dårlege vilkår for kunnskapsdeling og sparring. Når planmiljøet er lite, er det særleg viktig å spele på interne ressursar på tvers av faggrenser, og ta i bruk den samla kompetansen som finst i kommuneorganisasjonen. Det vil også redusere risikoen for «silo-tenking» og bidra til meir heilskaplege løysingar.

I ein kvardag med mange rutineoppgåver kan det i tillegg vere vanskeleg å tilegne seg ny kunnskap og inspirasjon. Avgrensa kunnskap om alternative løysingar kan gjere det vanskeleg å stille krav til private entreprenørar, eller forklare innbyggjarane kvifor kommunen handlar som den gjer.

Samspelet mellom administrasjonen, politikarar og private aktørar

Grafikk som viser handtrykk

Gode grep: Utvikle nye typar av partnarskap og arena for samspel. Grafikk: Gehl Architects.

I småbyar er avstanden mellom politikarar og kommuneadministrasjonen liten. Likevel er ikkje alltid samarbeidet, som grunnlag for å realisere visjonane og strategiane som er utvikla, til stades. Fellesdiskusjonar om korleis småbyen skal utvikle seg, kan ofte vere mangelvare.
Det er også utfordrande for planleggjaren fordi ein då manglar dialogen og felles forståing for kva som skal vere dei gode løysingane. Godt samspel mellom kommunen og private aktørar er særleg viktig for småbyutviklinga. Det utfordrar rolla til planleggaren, som i større grad sjå seg sjølv som prosessleiar med vekt på dialog og samhandling, enn kva planleggarrolla tradisjonelt har gjort.

Eldsjeler som neglisjert ressurs

Dei få byplanfaglege ressursane som finst i småbyar, er viktige for å mobilisere engasjementet kring byen blant innbyggjarane. Det kan diverre fort skje at dei mange andre oppgåvene som også skal løysast, fører til at dialogen og involvering av innbyggjarane blir nedprioritert. Administrasjonen klarer kanskje dermed ikkje å kople på folk som har lyst til å bidra til utvikling av byen.

Planar og visjonar blir ofte presenterte gjennom tradisjonelle folkemøte. Personane som deltek på slike møte representerer ikkje alle innbyggjarane, og dermed er det ikkje nødvendigvis dei lokale eldsjelene som blir involvert i utviklinga av byen.

Attraktive og berekraftige bumiljø

Denne artikkelen er henta frå heftet Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar
Framside av rapport - Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

Tiltak, arbeidsmåter og verktøy

  • Etablere tettare samarbeid med fylkeskommunen i høve til å sikre både kompetanse- og ressursløft.
  • Tett samarbeid mellom kommune og private utbyggjarar, for å skape felles kultur og forståing av kvalitet i byutviklinga
  • Hente inn kunnskap utanfrå om samanhengen mellom kvalitet og verdiskaping, slik at utbyggjarane kan sjå at det løner seg.
  • Etablere faglege nettverk mellom kommunar for å dele erfaringar og løysingar.
  • Aktivere dei mange frivillege i småbyen, som ein ressurs i utviklingsprosessen.
  • Byggje nye fora for samspel, der ei brei – og ikkje berre den vanlege – gruppa kan delta.
  • Skape felles framtidsbilete og dele erfaringar om dei gode løysningane tidleg i prosessen mellom politikarar, byråkratar og private utbyggjarar. Til dømes gjennom studieturar.

Døme: «Ut for å lære, heim for å gjere» i Fosnavåg

Med eit innbyggjartal på 3500 er Fosnavåg i Herøy kommune, Møre og Romsdal, medvitne
på å dra den rette kunnskapen og kompetansen til byen. Ny kunnskap og nytenkning har vore klare prinsipp i ein visjonsprosess, som har resultert i eit klart mål om å bli ein spydspiss innanfor berekraftig byutvikling. «Det handlar om å jobbe kunnskapsbasert, søkje kunnskap og dele kunnskap. For Fosnavåg har det mellom anna vore viktig med prosessar som opnar opp for å sjå staden utanfrå, og at lokalpolitikarane blir inkludert i kunnskapsløftet for staden», seier utviklingsleiaren i Herøy kommune, Jarl Martin Møller. Parallelloppdraget «blikket utanfrå» der dei fekk forslag frå tre fagmiljø om byutvikling, har vore eit viktig grep for Fosnavåg og gir no retning og prioritering i det vidare arbeidet.

– Samstundes har medverknad og deltaking frå næringsliv og lokalsamfunnet vore ein viktig del av prosessen. «Politikarane må koplast på heile vegen og samarbeidet med næringslivet må prioriterast. ”På mange måtar er vi ikkje lenger planleggjarar, men prosessleiarar som legg til rette for gode løysingar i samhandling», meiner utviklingsleiaren. Eit anna viktig verktøy har vore studieturar til nabobyar og byar utanfor landegrensene. «Vi må sjå det same, deretter reise heim og gjere våre ting», seier Møller.

Flyfoto av Fosnavåg

Fosnavåg. Foto: Harald Valderhaug.
Foto: x