Magma geopark

Prosjektet ”Verdiskaping og næringsutvikling i Magma Geopark” skal utvikle ein overordna strategi for verdiskaping basert på natur- og kulturressursane i parken, samle aktørane og prioritere aktivitetar i handlingsplanar.

Magma Geopark er eit unikt område med spesielll geologi og natur lengst sør i Rogaland og vest i Vest-Agder. Parken har unik geologi, natur, landskap, kultur og historie som gjer dette området heilt spesielt i europeisk målestokk. (Foto: John Mossige)

Magma Geopark er eit unikt område med spesielll geologi og natur lengst sør i Rogaland og vest i Vest-Agder. Parken har unik geologi, natur, landskap, kultur og historie som gjer dette området heilt spesielt i europeisk målestokk. (Foto: John Mossige)

På grunnlag av dette arbeidet skal prosjektet lage eit eitt-årig handlingsprogram og eit meir langsiktig handlingsprogram.

Unik geologi

Magma Geopark er eit unikt område med spesielll geologi og natur lengst sør i Rogaland og vest i Vest-Agder. Området strekker seg over dei fem kommunane Sokndal, Lund, Flekkefjord, Bjerkreim og Eigersund. Parken har unik geologi, natur, landskap, kultur og historie som gjer dette området heilt spesielt i europeisk målestokk. Magma er ein av 90 geoparkar i verda som er støtta av UNESCO.

Mykje infrastruktur

Det er allereie lagt ned betydelege ressursar i utvikling av infrastruktur i geoparken, som skildring av geologiske lokalitetar, merking av løyper, turstiar med meir. Vidare er det tilrettelagt aktivitetar som riding, padling, sykkelruter, forslag til fotturar med meir. Det er utvikla kunnskapsbaserte spel for smarttelefonar og det er gitt ut bok med oversikt over attraksjonar, overnatting og spisestader.

Samarbeid

Magma Geopark skal tilby unike opplevingar basert på kunnskap om geologi, natur og kultur. Parken skal tilrettelegge, formidle, utvikle og styrke regionen basert på ein unik geologi og kulturhistorie. Det er vel 60 lokale tilbyderar av reiselivs- og opplevingsprodukt i geoparken og prosjektet har som mål å utvikle samarbeidet mellom parken og lokalt næringsliv. Dette samarbeidet er enno på eit tidleg stadium og har eit stort potensiale både for bedriftene og Magma Geopark.

Dette er eit av totalt 22 prosjekt i ”Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar” i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).