Dialogbasert arealutvikling på Jæren

Jærkommunane Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå var deltakarar i fase 1 av Utviklingsprogrammet for byregioner. Prosjektsøknaden handla om å etablere eit breitt dialognettverk/-forum beståande av både offentlege og private arealinteressentar/-utviklarar.

Målsetjinga til prosjektet er å utforske og utvikla felles/samskapte visjonar og scenarier for berekraftig arealutvikling på Jæren langs ein by-land-akse. Dialog skal utprøvast som metode for reell interessentmedverknad i krevjande arealsaker. Prosjektet er utvikla i tett samarbeid med sentrale FoU-aktørar i regionen.

Prosjektet tek utgangspunkt i dei mange arealkonfliktane i regionen – konfliktar som berre vert meir og meir krevjande grunna rask befolkningsvekst i både byar, tettstader og bygder over heile Jæren.

Samfunnsanalyse

Fakta Jæren

Søkerkommune: Klepp
Samarbeidskommuner: Sandnes, Gjesdal, Time, Hå
Folketall i regionen: 134.384 (1/1-2013)
Areal i regionen: 1.477 km²