Fagområde: Bolig og bomiljø

Gode råd om varierte bustadtilbod

Kva bustadtilbod og stadkvalitetar etterspør ulike befolkningsgrupper som bur i, eller flyttar til distrikta? Og kva tiltak har distriktskommunar gjennomført for å få til eit meir variert tilbod? Ei casestudie av bustadpreferansar og ei kartlegging av bustadstrategiske tiltak føresler konkrete bustadstrategiske grep.

Sentrale funn frå casestudien Boligpreferanser i distriktene (2014) er no samla i eit eige kortformhefte.

– Vi har gode erfaringar med slike kortformhefter. Dei formidlar konklusjonar og råd konkret og direkte til viktige målgrupper, seier seniorrådgjevar i Distriktssenteret, Trude Risnes.
I dette høvet er målgruppa distriktskommunar som ønskjer å styrke det bustadstrategiske arbeidet. – Bustadpreferansar endrar seg, og det er viktig for kommunane å forstå drivarane for endringa og korleis utviklingstrendane kan slå ut lokalt, seier Risnes.

Bustadstrategiske tiltak i distrikta

Samstundes som kortformheftet om Bustadpreferansar i distrikta blir publisert, presenterer Distriktssenteret også eit nyleg gjennomført dokumentasjonsarbeid av bustadstrategiske tiltak. Dette arbeidet har resultert i rapporten Gode eksempler på boligstrategiske tiltak i distriktet (2014).

Gjennom dei siste åra har det skjedd ei bustadpolitisk oppvakning, med distriktskommunar på leit etter kunnskap om kvifor bustadmarknaden ikkje fungerer, og korleis kommunar har teke grep.

– No var tida inne for å samle erfaringane, seier Trude Risnes, som er nøgd med å presentere både eit eige erfaringshefte og ein rapport frå arbeidet. Ho oppmodar kommunar og fylkeskommunar til å ta med seg funn og konklusjonar frå arbeidet, og håpar at dette kan stimulere både utbyggarar og kommunar til å søke saman om vidare strategisk bustadutvikling.

Hus med funksjonell arkitektur. Foto.

Bygda Øyfjell har gode erfaringar med prøvebustadtilbodet til tilflyttarfamiliar. Foto: Jan R. Bodi. RI-EG Arkitekter & Sverre Sondresen.