Geirangerfjorden fekk i 2005 status som naturarv på UNESCO si verdsarvliste. Samstundes har Geiranger lange tradisjonar med masseturisme og fjorden er svært trafikkert av utanlandske cruiseskip i sommarmånadane.
Samarbeidsmodell
Føremålet til Grøn Fjord 2020 er å starte ”ei samarbeidsrørsle som skal skape den ultimate stade å bu og besøke, gjennom klimavenleg ivaretaking av natur- og kulturlandskapet i verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland”. Ein samarbeidsmodell som skal ta fatt i reelle utfordringar som verdsarvområdet står ovanfor. Løysingane skal ivareta og styrke natur- og kulturarven, auke lønsemd og verdiskaping i næringa og gje berekraftige lokalsamfunn.
Klimavenlege mål
Eit mål med prosjektet er å utvikla eit Grøn Fjord Klimafond gjennom vegprising/bompengefinansiering. Vidare skal ein gjennom realisering av klimavenlege tiltak ta vare på fjordlandskapet, dei buande og dei besøkande. Det langsiktige målet er å realisera tiltak som innan 2020 skal gjera Geirangerfjorden med omland til ei lavutsleppsone.
Aktivitetar i satsinga er mellom anna utvikling av Grøn Fjord søppelhandtering, fagkonferanse for erfaringsutveksling, studietur til Sveits, mobilisering av verksemder til miljøfyrtårn og utvikling av merkevarestrategi, logo og felles identitet.
Dette er eit av totalt 22 prosjekt i ”Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar” i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).