
Anne Hansen, Kjellrun Tveisme og Monica Bjørsheim i Bustadkontoret fekk ordføraren på vitjing då dei møtte innbygjarane i kinofoajeen i Odda. Foto: Mette Bleken / Hardanger Folkeblad
Bustadkontoret i Ullensvang kommune er ei viktig utoverretta teneste. Her får innbyggjarar informasjon og råd i spørsmål om bustad og busituasjon, og hjelp til søknader om kommunal bustad, startlån, bustadtilskot og bustøtte. Råd om tilpassing av eigen bustad og korleis gå fram for å kome i gang, er ein viktig del av arbeidet. Kontoret tildeler også kommunale gjennomgangsbustader, og er i tett dialog med dei som tildeler omsorgsbustader.
Ikkje eit kontor bak ei kommunal dør
Til dagleg er kontoret del av kommunens innbyggjarservice. Ein viktig del av arbeidet er å møte innbyggjarar for å informere, til dømes i møte med dei ulike pensjonistlaga, i politiske råd og utval, på fagdagar for innbyggjarar og tilsette osb.
«Bustadkontoret er ikkje eit kontor bak ei dør på kommunehuset, men ei utoverretta teneste som møter folk mange stader»
– Kjellrun Tveisme, Fagleiar i Bustadkontoret
Ullensvang kommune erfarer at slike tilbod er viktige, særleg i ein langstrakt og spreiddbygd kommune.

Gjennom dialog og tverrfagleg samarbeid hjelper Bustadkontoret innbyggjarar med bustadspørsmål.
Mykje av arbeidet og innbyggjardialogen er basert på tverrfagleg samarbeid med andre tenester, og tidleg kontakt. I konkrete saker, feks i samband med ombygging og tilrettelegging av bustad, vert det gjennomført heimebesøk. Ergoterapeut og eventuelt bustadrådgjevar hjå Nav Hjelpemiddelsentral kan bidra under slike heimebesøk.
Tverrfagleg samarbeid for å finne gode løysingar i dialog med den som har behovet, er viktig. Å dele informasjon om ombygging og bustadtilpassing med byggefirma og entreprenørar er også viktig. På denne måten håpar kommunen at fokus på tilrettelagde og gode bustader også blir del av arbeidet med andre bustadprosjekt.
Å planlegge eigen busituasjon treng dialog og modning
Planlegging for eigen alderdom er dessutan eit tema som treng å modnast. Lågterskel deling av kunnskap og informasjon, også til personar som i dag ikkje har behov for tilpassing/tilrettelegging av bustaden, er difor viktig. Aktuell informasjon finst også på nett, men ikkje alle er digitale, seier Tveisme. Desse innbyggjarane skal også ha informasjon og gode tenester, og vita at dei enkelt kan koma i kontakt med Bustadkontoret.