Fagområde: Næringsutvikling

4 tips til aktørar innan oppleving og reiseliv

Bjørn Nørstegård i Lillehammer kunnskapspark (LKP) fortel kva han meiner er fire viktige stikkord for alle som jobbar med utvikling av reiseliv, opplevingar og attraktsjonar.

Konseptutvikling

– Konseptutvikling er nært knytt til opplevings- og attraksjonsutvikling. Konseptutvikling er å jobba for å finna fram til den bærande ideen, og dei verdiar (kundeløftet) som denne ideen bygger på, seier Nørstegård.

Dømer på prosjekt som lukkast godt med konseptutvikling:

  • Opplevingssenteret i Nordlyskatedralen – Alta.
  • Den store Viking-opplevingssatsinga – Avaldsnes.
  • Knertensatsinga – Paradox/Vestly.
  • Myrkdalen Resort – Voss
  • Golfdestinasjon Lofoten

Immaterielle rettigheiter (IPR)

– IPR handlar om å ta vare på dei immaterielle rettigheitene til eit konsept, eit prosjekt, ein forretningside eller eit selskap. I Norge har selskap som arbeider med tenesteinnovasjon langt større nytte av å bli rettleia innan IPR, enn å fokusera på patent åleine, seier Nørstegård.

IPR handlar altså om å bygge eit funksjonelt beskyttelsesregime for imaterielle eigendelar (assets) som logo, farge, grafisk uttrykk, lyd og eventuelt også smak, seier Nørstegård.

Lillehammer Kunnskapspark samarbeidar med Center for Intellectual Property ved Chalmers Tekniska Högskola i Gøteborg. Dette er eit av dei sterkaste juridiske fagmiljøa på imaterieller rettigheiter. På oppdrag frå Innvoasjon Norge har Lillehammer Kunnskapspark også laga ei Handbok i imaterielle rettigheiter mynta på opplevingsindustrien.

Sosiale media

– Mange verksemder innan reiseliv og opplevingsnæringar har i dag kutta heilt ut trykt materiale. Samstundes har dei prioritert sosiale media, held Nørstegård fram.

Det er vikitg med strategisk bruk av sosial media «før, under og etter» hendingar, lanseringar og andre attraksjonar.

Samlokalisering

– Samlokalisering er ein viktig strategi for utvikling av opplevingsnæringane. Vi har svært positive erfaringar med å tilretteleggje/bygge samlokaliseringsprosjekt, nedanfrå og opp.  Det er viktig å starta med folka – interessentane, seier Nørstegård.

På basis av alle interessentane sine innspel går ein deretter på leiting etter eit egna lokale. På den måten oppnår ein fleire ting;

  • større synligheit
  • styrka omdømme
  • bli kvarandre sine underleverandørar
  • konkurrera saman om større oppdrag
  • lettare med kompetansebygging
  • ein klar businesskultur
  • ein ny marknadsplass – noko som folk og viktige aktørar i det aktuelle lokalsamfunnet er stolte av – og støtter opp om.

– Slik samlokalisering kan også utviklast på mindre stader, meiner Nørstegård.

Vellukka prosjekt som dei har vore involverte i er til dømes Fabrikken på Lillehammer og Nesoddparken kultur- og næringssenter.

Bjørn Nørstegård framfor Fakkelgaården i Lillehammer, der mange bedrifter skapar eit spennande utviklingsmiljø (Foto: Roar Werner Vangsnes)

Bjørn Nørstegård framfor Fakkelgaården i Lillehammer, der mange bedrifter skapar eit spennande utviklingsmiljø (Foto: Roar Werner Vangsnes)

Stikkord: