Laget rundt: Bygdevekst

Bygdevekstavtalane blei lanserte som eit av regjeringa sine verkemiddel i distriktspolitikken i 2021. Gjennom avtalane blir kommune, fylkeskommune og stat utfordra til å jobbe tettare saman – som eit samla «lag rundt kommunen» – for å finne løysingar på lokale utfordringar. Det er inngått avtalar i 10 pilotområde, med 35 kommunar og 7 fylke.

Bilde med profilert tekst for Laget rundt - Tema: Bygdevekst

I webinaret fekk vi høyre fleire døme på kva som kan skje når kommunar, regionalt nivå og statlege aktørar samarbeider tettare og på meir forpliktande vis.

Bygdevekst som distriktspolitisk verkemiddel (Sigurd Siem, KDD)

Bygdevekstavtalane er politiske avtalar, men ikkje juridisk bindande. Slike gjensidig forpliktande avtalar har gitt rom for å teste ut nye måtar å samarbeide på og utvikle nye løysingar. Erfaringa er at tettare og meir operativ samhandling på tvers av nivå gir betre utnytting av eksisterande verkemiddel. Bygdevekst bidreg til lokalt tilpassa løysingar og innovasjon som gir praktisk læring til nasjonal politikkutvikling. Samtidig er arbeidet ressurskrevjande for dei som deltek. Bygdevekst utfordrar etablerte roller hos nasjonale og regionale aktørar, men viser at arbeidsmåtar tettare på kommunane er nyttige.

Innsikt frå evalueringa av bygdevekstarbeidet (Lisa Ekmann, SINTEF)

SINTEF har følgt første pulje av bygdevekstarbeidet, med tre pilotar i Finnmark og to i Trøndelag. Rapporten frå følgjeforskinga blir ferdig sommaren 2026. Evalueringa viser at bygdevekst fungerer som eit rammeverk for å utvikle meir operasjonelt og forankra samarbeid over tid. SINTEF erfarer at tre faktorar er avgjerande for å lukkast:

  1. Deltakarane må ha reelt handlingsrom til å prioritere arbeidet og utvikle samarbeidet.
  2. Prioriteringane må ha legitimitet hjå alle aktørar, og ein må samle seg om felles mål.
  3. Lokalt og regionalt støtteapparat er viktig for å styrke kapasitet og kompetanse i små kommunar.

Erfaringar frå pilot Midt-Finnmark: frå idé til gjennomføring (Simon Pind Jessen, Nordkapp kommune og Sylvi Josefine Johnsen, Rektor Lakselv VGS)

Arbeidet med ei ny studieretning innan forsvar og beredskap ved Lakselv vidaregåande skule viser at bygdevekst har vært effektivt for å mobilisere breitt og forpliktande samarbeid kring eit konkret mål. Prosjektet involverer fleire kommunar, Finnmark fylkeskommune, statlege aktørar og frivillig sektor. Ein sentral suksessfaktor er at partane har tydeleg felles interesse av å utvikle det nye utdanningstilbodet, og prosjektet har sterk lokal forankring. Bygdevekst har skapt ein arena for samarbeid som har gitt konkrete resultat på kort tid. Noregs første studieretning innan forsvar og beredskap opnar hausten 2026.

Erfaringar frå Solund og Fedje: arbeid med komplekse utfordringar (Anne Kristine Dyrdal, Solund kommune)

Piloten i Solund–Fedje har nytta bygdevekststrukturen til å arbeide med samansette utfordringar knytte til forenkling av samfunnsplanlegging i små kommunar. Kommunane opplever at bygdevekst har gjort det lettare å samle relevante aktørar for ein open fagleg diskusjon. Gjennom fire arbeidsverkstader har kommune, statsforvaltar, fylkeskommune og Distriktssenteret utvikla felles forståing av utfordringar og moglege løysingar for forenkling av samfunnsplanlegging i små kommunar. Arbeidet er tid- og ressurskrevjande, men gir viktige innspel til vidare utvikling av praksis og arbeidsmåtar innanfor gjeldande plansystem. Sluttrapport frå prosjektet, med forslag til tiltak som kan forenkle samfunnsplanlegging i små kommunar, er klar sommaren 2026.

Perspektiv frå Husbanken: kva kan statlege aktørar lære? (Per Olav Skogshagen)

Husbanken har vore ein aktiv part i bygdevekst frå starten og deltek i dag i alle pilotane. Husbanken erfarer at det er nyttig for statlege aktørar å vere meir til stades, ta større eigarskap og samarbeide tettare med kommunane. Husbanken meiner det ligg stort potensiale i å utforske handlingsrommet i eksisterande verkemiddel saman med kommunane, heller enn å utvikle nye. Når aktørane utforskar dette saman ser ein at det materialiserer seg i gode prosjekt, og her ligg det god læring for alle partar. Erfaringane peikar på at kommunane bør prioritere få innsatsområde av gongen og jobbe langsiktig og målretta for å oppnå resultat. Gjensidige avtalar og samordning av innsats har vore avgjerande, og viser korleis staten kan vere ein meir aktiv medspelar i lokal utvikling.

Neste webinar i serien

Tekstplakat 30. september kl. 09.00-10.00 Webinarserien "Laget rundt" Tema: Sammen om mobilitet

Meld deg på webinarserien (og få nyttig informasjon før og etter webinaret) – og meld deg på neste webinar direkte.

⇣ Slik fungerer webinarserien

Få mer ut av webinaret

Meld deg på nyhetsbrevet
Du får da en e-post før hvert webinar og en oppsummering etter webinaret er gjennomført. Du blir ikke automatisk påmeldt alle webinar, men ved å være med i nyhetsbrevet får du alltid en invitasjon.

Du inviteres til webinar
I e-posten som går ut før webinaret får du informasjon om foredragsholdere og temaet vi skal snakke om i webinaret. E-posten inneholder også en lenke hvor du kan melde deg på.

Selve webinaret
Webinaret foregår på Teams. Det er kun de som skal presentere som vises og høres i webinaret. Du kan stille spørsmål i chatten.

Etter webinaret
Du får en oppsummering på e-post. Der vil kunne se opptakene fra alle innlegg og du får et kort referat fra møtet.

Dette er et eget nyhetsbrev for «Laget rundt distriktskommunen». Du vil ikke få invitasjon til webinaret via Distriktssenterets vanlige nyhetsbrev. Du kan alltid melde deg av nyhetsbrevet i lenken nederst i nyhetsbrevet.