Regionplan Agder 2020

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Fylkestinga i begge Agderfylka har vedteke ein felles regionplan.

Nyttig lærdom for andre fylke

Aust-Agder og Vest-Agder har vedteke Regionplan Agder 2020. Planen er breitt forankra i både regionråda og kommunane. Leiarane i regionråda saman med representantar frå dei to fylkeskommunane og Kristiansand, Arendal og Grimstad komme utgjer sekretariatet for det vidare arbeidet.

5 mål mot 2020

I regionplanen er det vedteke 5 mål:

  1. Klima – Høge mål og låge utslepp
  2. Det gode livet – Agder for alle
  3. Utadnning – Verdiskaping bygd på kunnskap
  4. Kommunikasjon – Dei viktige vegvala
  5. Kultur – opplevingar for livet

Inger holen er tilsett som koordinator for å dra regionplanen vidare. Ho viser til dei vedtekne måla som ligg i regionplanen.
– Det er eit spennande arbeid som er i gang, og det å nytta seg av leiarane i regionråda, gir god forankring vidare ned i kommunane, seier Holen. Vi arbeider med kvart enkelt punkt som er vedteke i regionplanen. I fellesskap skal vi finne fram til konkrete strategiar med framtidige  tiltak som skal gjennomførast i den aktuelle perioden. Vi har hatt hyppige møter gjennom heile 2012. Desse er lagt til ulike plassar i Agder, og der vi har kombinert møta med eksterne foredrag frå dei ulike regionane. I dag har vi fått nyttig informasjon frå den framtidige satstinga her i Kristiansand. Dette har vore med å gi sekretariatet ekstra kompetanse og kjennskap til heile Agder, meiner Holen.

Målet er ei felles stemme

Arbeidsdokumenta som vi i sekretariatet utarbeider, vil bli sendt vidare til politisk samordningsgruppe, seier Holen. Den består av fylkesordførarane, ordførarane i byane Kristiansand, Arendal og Grimstad og  den valde ordføraren frå dei ulike regionråda. Målet er å kome fram til ei felles stemme på dei vedtekne punkta i regionplanen. På den måten vil det ligga sterkare kraft og tyngde i det som er nedfelt i regionplan 2020 for Agder, seier Inger Holen.

Stikkord:
Steder: