Fagområde: Stedsutvikling

Kommunane må bli flinkare til å sjå festivalar som ein ressurs

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Festivalar er publikumsmagnetar og kan gjere underverk for omdømmet. Likevel er det få kommunar som verkeleg brukar festivalane til å profilere seg.

– For mange kommunar, særleg i distrikta, er festivalane heilt klart ein uutnytta ressurs i profileringsarbeidet, seier direktør i Distriktssenteret, Halvor Holmli.

I ein ny studie av festivalar og kommunar utført for Distriktssenteret, viser Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) at kommunane er dårlege til å  bruke festivalane i profileringa av staden, kommunen eller regionen. Både arrangørar av festivalar og kommunar gir utrykk for at potensialet for å gjere seg synleg ved hjelp av festivalane er stort.

Stad og identitet

Studien omfattar festivalar i 11 distriktskommunar. Den same gruppa av kommunar brukar store ressursar på å utvikle omdømmet sitt. Festivalar er ofte eit naturleg grunnlag for profilering av kommunen fordi dei byggjer på lokale identitetsmerke, som fjellfriluftsliv i Rauma og rakfisk i Valdres. Andre festivalar har ein gong for alle tilført eit nytt element som blir knytt til staden, som Ekstremsportveko på Voss.

– Kanskje gløymer mange kommunar å nytte seg av byggjesteinane som alt ligg der – som til dømes festivalar, seier Holmli.

Dømet Rauma

Særleg i mindre lokalsamfunn er det samanfallande interesser i at bygda eller staden blir oppfatta som attraktiv. Rauma i Møre og Romsdal har gått inn for å bruke Norsk Fjellfestival som utgangspunkt for kommunen si eiga profilering. Medan festivalen dyrkar fjella, klatring og det enkle friluftslivet, vil Rauma vere ”verdas beste kommune for naturglade menneske”.

– At kommune og festival dreg i same retning, er til felles gagn, seier Holmli.

Passivitet overfor besøkande

Kommunale nettsider gjer lite bruk av festivalane. Dei elleve kommunane i den kvalitative studien nytta ikkje festivaldagane som eit høve til å reklamere for busetting, næringsetablering, hyttebygging eller ei større totaloppleving rundt besøket. Når mange besøkande og heimvende er samla i ein positiv setting, og attpåtil innafor eit avgrensa område, burde kommunen vere meir på hogget.

– Distriktskommunar bør særleg merke seg kva festivalar betyr for folk. Blant dei som kjem for å oppleve festivalar, finst det både innbyggjarar og potensielle tilflyttarar. Begge er gull verdt, seier Holmli.

Du kan lese heile rapporten ”Festivalkommuner – samhandling mellom kommuner og festivaler«.

Høyr Kulturnytt i NRK P2 sitt innslag om studien 10.04.2012

 

Stikkord:
Steder: