God karakter til Distriktssenteret

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Kompetansesenter for distriktsutvikling har gjennomført ei brei undersøking blant norske kommunar om kjennskap og tilfredsheit med senteret. Undersøkinga syner at dei kommunane som har nytta Distriktssenteret gir nærmast topp karakter på servicegrad, engasjement og kompetanse. Kommunane er også godt nøgde med relevansen på dei tenestene som blir levert. Men det er framleis mange kommunar som treng å bli kjent med senteret.

I 2008 vart Kompetansesenteret for distriktsutvikling oppretta under Kommunal- og Regionaldepartemetet. Distriktssenteret skal samle erfaring frå vellukka utviklingsarbeid i distriktskommunar, drive eller hente inn forsking og utgreiingar og vere eit aktivt kompetansesenter for kommunar som ønskjer å setje i gang lokalt utviklingsarbeid.

– På spørsmål om servicegrad, engasjement, folkelegheit og kompetanse får senteret over fire i skår på alle parametra, der fem er beste karakter. Dette er veldig hyggelege tilbakemeldingar til alle våre rådgjevarar som dagleg jobbar for å skape positiv utvikling i Distriktsnoreg, seier dagleg leiar Halvor Holmli i Distriktssenteret.

På det generelle spørsmålet om tenestene frå senteret har vore nyttige, er karakteren 3,53, noko som også er ei forbetring frå i fjor, da karakteren var 3,46. – Distriktssenteret er med andre ord verdifullt for dei kommunane som nyttar tenestene våre. Det er sjølvsagt avgjerande at kommunane frå noko att frå tenestene vi yter, som gir verdi i det lokale arbeidet, seier Holmli.

Når det gjeld kjennskapen til senteret, som framleis må reknast som ein nykomling i det offentlege verkemiddelapparatet for distriktsutvikling, er kjennskapen god i dei kommunane og dei delane i landet som senteret har som kjernemålgruppe; distriktskommunar og småkommunar.

I kommunar med færre enn 2.000 innbyggjarar, har 62 % kjennskap til senteret. I kommunar med mellom 2.000 og 5.000 innbyggjarar er det 55 % som kjenner til senteret. I Distriktsnoreg som sådan er det 58 % som kjenner til senteret, medan 28 % av kommunane i sentrale strok kjenner til senteret. – Målet mitt er sjølvsagt at alle distriktskommunar burde kjenne til senteret som er oppretta for å bidra til positivt utviklingsarbeid i distrikta. Vi treng å bli meir kjent. Det er eit godt utgangspunkt at folk er nøgd med oss der vi har fått gjere ein innsats, held Holmli fram.

– Når det gjeld kva tenester frå senteret kommunane har nytta, er følgande på topp: Omdømmeskulen er nytta av 48 %. Faglege foredrag 17 %. Tips og råd til lokalt utviklingsarbeid 16 %.  Rettleiing i lokalt utviklingsarbeid 10 %. Blant dei som ikkje har nytta senteret, men som kjenner til senteret, er det i stor grad dei same tenestene som blir framheva, med størst vekt på lokalt utviklingsarbeid. Det er nettopp desse tenestene som er kjernen i tilbodet vårt til kommunane, forklarer Holmli.

10 gode råd

Med bakgrunn i erfaring frå vellukka distriktsutvikling og forsking, har Distriktssenteret utarbeidd 10 gode råd til norske kommunar som ønskjer å setje i verk lokalt utviklingsarbeid:

  1. Jobb heilskapleg og langsiktig
  2. Samarbeid. Tiltaket må ha brei forankring og forståing. Det må vere vilje til å vere med på tvers av avdelingar, organisasjonar og mellom kommune, næringsliv og innbyggjarar.
  3. Mobilisering. Prioritér jobben med mobilisering – å vekke massane – dersom det er behov for å få alle til å sjå behovet for felles innsats.
  4. Involvering. Det må skapast målretta aktivitetar som involverer alle viktige aktørar i kommunen, og dei må oppleve reell inflytnad.
  5. Flinke folk. Det trengs eldsjeler og folk med kompetanse og personlege kvalitetar som kan drive prosjektet framover.
  6. Gode verkty. Effektiv prosjektgjennomføring.
  7. Resultatet skal leve etter tiltaket. Prosjekter må være virkemiddel for å støtte opp under langsiktige satsingar, ikkje tilfeldig og løsrevet fordi nokon har lyst.
  8. Tenk kultur meir enn organisering. Ein kan ikkje organisere seg til suksess. Det er kultur og haldningar for positiv endring som er viktigast for å skape ei positiv utvikling – gripe dei moglegheitene som fins lokalt.
  9. Eit år om gongen. Oppsummer og vurder resultata. Finn dei positive fellesnemnarane. Rydd opp i eventuelle konfliktar, slik at ikkje bygdedyret får kome fram.
  10. Sørg for å feire det som går bra. Få med både eldsjeler, støttespelarar og tidlegare motstandarar på festen.
Stikkord: