Ny direktør i Distriktssenteret

Frå 1. april er Marit Lofnes Mellingen direktør i Distriktssenteret. Ho overtek etter Halvor Holmli, som har vore direktør i 12 år.

– Eg har gleda meg til dette, seier Mellingen.  – Eg ser fram til å vere med på Distriktssenteret sitt vidare arbeid med å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. Senteret har dyktige fagfolk, og saman med dei vil eg bidra til at Distriktssenteret framleis skal vere ein nyttig og strategisk samarbeidspartnar for kommunar og fylkeskomunar. Det blir særleg spennande å bli kjent med Merkur-programmet og ta del i utviklinga av arbeidet med å koble butikk og kommune i lokalsamfunnsutviklinga.

Den nye direktøren kjem frå ei stilling som fagleg leiar i Digitaliseringsdirektoratet. Ho har lang leiarerfaring, og har m.a. ei mastergrad i leiing frå BI.

Portett Marit Lofnes Mellingen. foto.

Tiltrer: Marit Lofnes Mellingen.

Takkar av: Halvor Holmli.

Halvor Holmli går av som direktør etter å ha hatt stillinga i 12 år. Det er to åremålsperiodar, og det lengste ein kan ha stillinga. Holmli har vore direktør sidan oppstarten av Distriktssenteret, og har bygd ein organisasjon som har fått ein sterk fagleg posisjon innan lokal samfunnsutvikling i norske distriktskommunar.

– Det har vore 12 år lang spennande og krevjande reise, seier Halvor Holmli. – Når eg sluttar er Distriktssenteret ein organisasjon som har gått frå å vere eit kompetansesenter under oppbygging til å vere eit solid kompetansesenter, og forvaltingsorgan med ansvar for Merkur-programmet. Eg vil takke kompetente, folkelege og engasjerte medarbeidarar, og ønskjer den nye direktøren lukka til.

Sjå også: pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.