
Kan hybelhus og lærlingkollektiv styrke bulyst og rekruttering?
Foto: Connie Langeland
Lang tradisjon for hybelhus og internat
Eigne butilbod for elevar i vidaregåande opplæring har lang tradisjon, særleg i område med spreidd busetting og store avstandar. Tidlegare var ordningar som internat og hybelhus gjerne ein integrert del av skuletilbodet, kjenneteikna av nærleik til skulen og tydelege rammer.
Slike ordningar løyste ikkje berre eit praktisk bustadbehov, men bidrog også til sosial tilhøyrsle, struktur i kvardagen og ein trygg overgang frå foreldreheimen til eit meir sjølvstendig vaksenliv.
Elevar og lærlingar i ein liten og uføreseieleg utleigemarknad
I dag er det gjerne skular med landsline eller liknande som har slike tilbod. Nye vegsamband har gjort det enklare å dagpendle, og ungdom som treng butilbod har i hovudsak funne dette i den private utleigemarknaden.
Samstundes set den demografiske utviklinga og eit sentraliserande flyttemønster skulestrukturar, særleg i distriktsregionane, under press. Framover kan det bety fleire bortebuande elevar og lærlingar, som vekependlar mellom heimstaden og lærestaden.
Overgangen til eit sjølvstendig vaksenliv kan vere vanskeleg, og gode butilbod er ikkje sjølvsagt.
Mange stader er tilbodet av private utleigebustader lite og uføreseieleg. I konkurranse med besøkande på korttidsleige og andre grupper på jakt etter leigebustad er elevar og lærlingar sårbare grupper.

Aktuelt tema i fleire regionar
Fleire kommunar og regionar fryktar at lite tilgjengelege bustadtilbod for elevar og lærlingar vil virke negativt på utdanningsval, trivsel og gjennomføring. Ein pressa bustadsituasjon med få utleigetilbod kan også virke negativt på rekruttering av framtidig kompetanse og arbeidskraft.
I kampen om framtidig kompetanse og arbeidskraft kan altså gode bustadløysingar og målretta bulyst-tiltak for elevar og lærlingar bli strategiske tiltak.
Slike grep kan bl.a finne støtte i forsking på strategisk rekruttering i kommunal sektor, som peikar på at tidleg tilknytning til stad og arbeidsplass aukar sannsynet for at unge blir verande over tid. (Fafo, 2016, Strategisk rekruttering av unge til kommunal sektor)
Eigne bustadtilbod for elevar og lærlingar er bl.a drøfta i Innlandet, og i Lom kommune. Som fylgje av endringar i skulestruktur har Innlandet fylke gjort vedtak om å etablere internattilbod ved enkeltskular i Innlandet.
I Lom er bustadtilbod til lærlingar del av kommunens drøfting av bustadbehov og vidare bustadutvikling. I Nordland vil fylkespolitikarar sjå nærare på om hybelhus kan vere eit førebyggande tiltak mot einsemd, mangel på sosiale nettverk – og for å redusere fråfall.
Eksempel og modellar på butilbod til unge i opplæring
Eksempel og modellar som kan betre bustadtilbodet og slik legge til rette for framtidig rekruttering og busetting, er altså etterspurt.
Senja videregående skole i Troms er ein skule med tradisjon for å tilby internat og hybelhus for bortebuande elevar. I Finnfjordbotn kan elevar bu på internat, i Gibostad har dei tilbod om hybelhus. Les meir om butilbodet ved Senja vgs. og reglementet for tilbodet.
I Heim har kommunen bygd fleire elevhyblar gjennom konseptet “Hybel-heim». Dette er 6 hyblar i hybelhus, også med fellesareal og lokalisert nær vidaregåande skule. Elevar ved skulen har bidrege til bygginga, med ansvar for å setje opp utebodar. Det er skulen som tildeler hyblar til elevar som etterspør bustadtilbod. Målet med satsinga er å legge til rette for at det skal vere enkelt og attraktivt å bli elev ved skulen på Kyrksæterøra.
Eit anna døme på butilbod for elevar og lærlingar er Lærlinghuset i Norheimsund, i Kvam herad. Butilbodet er populært, og godt motteke blant bedrifter i kommunen.

Lærlinghuset i Norheimsund
Foto: Torleif Ljones
Lærlinghuset i Norheimsund
Ønskje om å sikre gode butilbod, særleg for lærlingar, var bakgrunnen for etableringa av Lærlinghuset. Det fortel Ingunn Straumstein, dagleg leiar i Kvam Bustadstifting, som eig og driftar tilbodet.
Stiftinga, som blei etablert av Kvam Herad i 1989, har som føremål å skaffa fram og driva utleige av bustader til vansklegstilte på bustadmarknaden, også unge under utdanning.
Uavhengig, men med trygge rammer
Tilbodet supplerer det ordinære utleigetilbodet, i hovudsak utleigeeiningar i private bustader. Straumstein erfarer at Lærlinghuset er populært fordi det er eit eige, uavhengig bustadkompleks, som samstundes har trygge rammer og tilrettelagde areal for å byggje sosiale fellesskap. For bortebuande lærlingar og elevar utan sosiale nettverk, kan dette vere ein viktig start.
Ein del foreldre er oppteken av at ei slik buform er meir inkluderande enn å bu åleine i ein kjellarleilegheit. –Straumstein.
Økonomi er også ein faktor. Husleiga er i dag litt lågare enn marknadsleiga, som kan vere høg nok for ei lærlingløn.
Lærlingar frå regionen
I hovudsak er det lærlingar frå kommunar i regionen som har nytta butilbodet, i tillegg til elevar ved den vidaregåande skulen. Bebuarane er frå 16 år og eldre. So langt har dei fleste budd i huset over tid – i eit par år. Nokre verksemder har hatt lærlingar inne i kortare periodar, men dette er meir unntaket enn regelen.
Kvam Energi AS er ein av verksemdene som har hatt lærlingar buande i Lærlinghuset. Verksemda har gode erfaringar og meiner at tiltaket har blitt eit positivt supplement til utleigetilbodet elles.
I samtale med Distriktssenteret sommaren 2025, understreka dåverande administrerande direktør, Arne Tillung, betydninga av å legge til rette for god inkludering og bygging av sosiale nettverk.
Kvam Energi AS rekrutterer i stor grad lærlingar lokalt, men treng også lærlingar utanfrå regionen. At bortebuande lærlingar trivast og kan tenkje seg å bli verande, er bra for verksemda og næringslivet i regionen.

Trivselsvaktmeistrar støttar og gjev råd
Tilbodet har ikkje tilsette som følgjer opp bebuarane, slik ein gjerne finn det i internatløysingar og andre hybelhus. Det dei har, er trivselsvaktmeistrar tilgjengelege for store og små spørsmål. Dette er eit tilbod kommunen har for sine utleigeeiningar, og bustadstiftinga kjøper tenesta for Lærlinghuset.
Trivselsvaktmeistrane følgjer opp når det gjeld informasjon om, og køyrereglar for butilbodet. Dei er også kontaktpunkt om noko skulle skje.
Trivselsvaktmeistrane fungerer på eit vis som mentorar for førstegangs bortebuarar. –Straumstein.
Ingunn Straumstein understrekar at dei so langt erfarer lite tull og tøys.
-Dette er ikkje blitt eit festhus. Vi har husreglar, og desse blir følgde.
Attraktivt og supplerande tilbod, som ivaretek ei viktig målgruppe
Om eigne butilbod for unge bidreg til styrkt gjennomføringsevne og rekruttering, kan vere vanskeleg å måle.
Tilbakemeldingane frå bebuarar, næringslivsaktørar og bustadstiftinga i Norheimsund er imidlertid eintydig positive: Lærlinghuset er eit viktig supplement til den private utleigemarknaden, og eit godt tiltak for å styrke bulyst og rekruttering blant unge i opplæring.
⇣ Faktaboks: Lærlinghuset i Norheimsund
Eit hybelhus og bufellesskap for elevar ved vidaregåande skule og lærlingar i Kvam herad. Tilbodet blei etablert av Kvam bustadstifting i 2022, med mål om å skapa ein trygg og god buarena for elevar og lærlingar.
Stiftinga kjøpte huset, eit tidlegare næringsbygg i sentrum, med leilegheit.
Utbygginga blei finansiert med eigenkapital og banklån, i tillegg fekk stiftinga 400.000 kroner frå Sparebankstiftinga Hardanger. Tiltaket går nokonlunde i balanse, reint driftsmessig, og er ei bevisst satsing. Som stifting kan ein tenkje at eldre hus, som er nedbetalte, også kan vere med å finansiere og støtte oppunder slike nye tiltak.
I Lærlinghuset kan ungdom under utdanning bu i eigen leilegheit, eller i rom med felles kjøken og bad. Alle bebuarane har også tilgang til fellesrom inne, vaskerom, felles takterasse, bodar, sykkelparkering og parkering for bil. Straum og nettilgang er inkludert i husleiga.
Butilbodet ligg sentralt i tettstaden Norheimsund, nært vidaregåande skule, lærlingbedrifter, offentleg transport, butikkar og servicetilbod.
Les meir om Lærlinghuset i Norheimsund.
