Bakgrunn
Vinje kommune er ein typisk distriktskommune med små sentra og ei aldrande og spreiddbygd befolkning, som i hovudsak bur i einebustader, eller på gardsbruk. Vinje kommune har mål om å utvikle fleire eigna bustader nær tenester, tilbod og sosiale møtestader. For å få hjelp til faglege vurderingar og koma vidare med lokalisering og detaljplanlegging, valgde kommunen å få utarbeidd moglegheitsstudier for stadene Åmot, Rauland, Haukeli og Edland.
Resultat
- Moglegheitsstudiene og aldersvennleg planlegging har god politisk forankring
- Godt grunnlag for å drøfte løysingar for bruk og utforming av sentrumsområde
- Prinsipp og ideskisser for utforming av aldersvennlege bustader og bumiljø
- Grunnlag for arbeid med bustadpolitisk handlingsplan
- Konkret plan om erverv av tomt i Rauland
- Tettare tverrfagleg samarbeid mellom ulike sektorar i kommunen
Mål og målgruppe
Å planlegge aldersvennleg handlar ikkje om eldre som spesifikk målgruppe, men om å sikre eit aldersvennleg perspektiv. Vinje kommune la dette til grunn for bestilling av moglegheitsstudier. Forslaga skulle syne løysingar med tilgang til tenester og funksjonar, møteplassar og aktivitet tilrettelagt for alle, bl.a korleis livsløpstilpassa og aldersvennlege bustader og bumiljø kan koplast til eksisterande og planlagde universelt utforma turvegar. For Vinje var det også viktig at forslaga skulle ta omsyn til og spegle at dei tre lokalsentra har ulike kvalitetar og kulturar.
Slik blei krava til løysingsforslag skildra i oppdraget:
Aldersvennlig stadutvikling:
- Bygdebyutvikling med konsentrerte, levande sentrum, tufta på særpreg i kvar bygd
- Fortetting med kvalitet for tenester, næring, besøksattraksjonar og bustadar
- Tilgang til sentrumsnære turvegar og tilrettelagde møteplassar, universelt utforma og smarte løysingar for gater, fortau, parkering og belysning
- Integrere energiløysing for framtida, gjerne mikrobølgeasistert pyrolyseanlegg (MAP) kombinert med energilager i bakken
Aldersvennlige bustadar:
- Leilighetsbygg med om lag 50-100m2 pr.eining med rom for fellesbruk som til dømes fellesareal for opphald og måltid, besøksleilighet, verkstad, hobby, trening, parkering, eventuelt offentlige tjenestar, osb.
- Tre som hovudmateriell
- Tilrettelegging av smarte løysingar og universell utforming, tilpassa gruppa 60+
- Bruke meir lokalprodusert og fornybar energi for å redusere byggekostnadane og klimautslepp. Løysningane bør baserast på vannbasert distribusjon i bygningane.
- Fleirbruk av bumiljøet som til dømes bibliotek, offentlige funksjonar, selskapslokale, treningsrom/fysio o.l
Samarbeid og involvering
Ideen med å bruke moglegheitsstudier kom frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, som følgde Vinje kommune i nettverksprosjektet Aldersvennlige boliger og bomiljø. Fylkeskommunen peikte på moglegheitsstudier som eit nyttig verktøy for å sjå aktuelle aldersvennlege tiltak i ein heilskap. Kommunen fekk hjelp frå fylkeskommunen, Husbanken og Distriktssenteret til å utforme og lyse ut oppdrag. I tillegg blei det lyst ut oppdrag for å få fram meir detaljerte løysingar for ei konkret tomt i kommunesenteret Åmot.
Involvering av innbyggjarar og ulike lokale aktørar er ein viktig del av slike opne prosessar. I Vinje valgte kommunen å gjere dette sjølv. I to opne møter ga innbyggjarar, lag og næringsaktørar innspel på behov og ønskje for eit aldersvennleg Vinje. Saman med kommunen deltok også Vestfold og Telemark fylkeskommune, Husbanken, Distriktssenteret og Senter for aldersvennlig Norge.
“Vi ser at innbyggerinvolveringen er helt nødvendig, og det burde gjøres mer”
– Ann Kristin Egge, bustadkonsulent i Vinje kommune. “
I følge Ann Kristin Egge må de som kjenner behovene best, være tett på. Det er ikke nødvendigvis slik at det som kan fungere på Rauland, er det riktige i Edland, verken for innbyggerne eller kommunen som tjenestetilbyder. Dronninga landskap, som fekk oppdraget med moglegheitsstudiene, brukte innspela i arbeidet, saman med gjennomgang av planar, samtaler og synfaring med kommunen.
Finansiering
Moglegheitsstudiene hadde ei totalramme på 500.000 kroner og blei finansierte i eit spleiselag mellom Vinje kommune (kr. 200.000) og Vestfold og Telemark fylkeskommune (kr. 300.000). Midlane frå fylkeskommunen var tilskotsmidlar knytt til fortetting med kvalitet, universell utforming i tettstader og energismarte bygg.
Tips til andre
Ei viktig erfaring frå Vinje kommune sitt arbeid med moglegheitsstudier og utviklingsarbeidet generelt er betydninga av å setje av ressursar til planlegging og gjennomføring. “Prosessen ville ha gått raskare og gitt meir tid til å informere og involvere innbyggarar og viktige samarbeidspartnarar, som pensjonistlaget, rådet for eldre og dei folkevalde”, meiner bustadrådgjevar Ann Kristin Egge. Hennar tips er å sikre interne ressursar og rom til å samordne internt arbeid som føregår på fleire plan. “Vi har vært bevisste på å løfte innspill fra dette arbeidet inn i flere fora. Det er med å sikre nødvendig informasjonsflyt i et større endringsarbeid. Det er jo det dette egentlig er.”
Vidare arbeid
Kommunen jobbar med oppfølging av moglegheitsstudiene og aldersvennleg planlegging på fleire område: Dei blir brukte i detaljplanlegging av konkrete sentrumsområde, og det er gjort vedtak om kjøp av sentrumstomt i Rauland og Åmot, som kan vere med å realisere forslag i moglegheitsstudiene. I Edland blir det jobba vidare med private utbyggingsplanar, i tillegg til utviding av eksisterande omsorgssenter.
I Vinje er aldersvennleg bustadutvikling også del av politikaropplæringa. Det nye kommunestyret skal etterkvart ta stilling til sak om kjøp av tomter til aldersvennlege bustader i Rauland, og avtale om kjøp av tomt i Åmot er gjort. Vidare skal kommunen ferdigstille bustadpolitisk plan, der moglegheitsstudiene og læring frå nettverksarbeidet blir teke inn. Vinje kommune har, og vil framover også setje større fokus på at innbyggjarane sjølve må ta ansvar for eiga bustadplanlegging.
Kommunen arbeidar og med eit stimuleringstilskot, som er tenkt retta mot eldre som bur i lite eigna bustader langt frå sentrum, som ønskjer å selje noverandre bustad og flytte til ein meir aldervennleg bustad, nærmare helsetenester og sentrumsområde.
Eit slikt tilskot kan også vere med å løyse ut attraktive bustader for tilflyttarar til Vinje, til dømes småbruk. Dette jobbar Vinjelos, Silje Hagen med. – “Vi veit at småbruk står høgt på ønskjelista til mange som ønskjer seg til bygda. Gjennom piloten Ljos i gamle hus i Vinje, og Småbruksprosjektet i Vest-Telemark jobbar Vinje kommune med å legge til rette for at ein kan prøvebu eit småbruk”, fortel Hagen. Det er komne inn forslag både på eldre og nyare gardar, som er aktuelle i prøvebuordninga. Neste fase er synfaring av småbruka, før avtalefesting og utprøving.