Dialog- og tillitssjekken
God dialog kan utfordre gamle tankemønster, setje lys på ulike perspektiv og stimulere til genuin nyskaping. Dialog- og tillitssjekken er eit skjema med ni spørsmål som hjelper deg å kartlegge korleis dei som deltek i prosessane oppfattar kvaliteten på dialogen.
Slik kan du bruke dialog- og tillitssjekken
Dialog- og tillitssjekken kan nyttast i prosessar der ulike menneske møter kvarandre og skal arbeida saman over noko tid. Det kan til dømes vera i arbeid med kommuneplan, utviklingsstrategiar eller i verneprosessar. I ein felles prosess kan ein følgje denne oppskrifta:
- Fyll ut skjema på nett, eller print og del ut skjema til alle deltakarane
- Sett av tid til at alle får fylle ut kvar for seg
Når alle har fyllt ut skjema
- Dersom det er meir enn 10 deltakarar: del i mindre grupper
- Del refleksjonar rundt kva område de må jobba meir med:
- Har vi lik oppfatning?
- På kva område sprikar det?
- Kvifor?
- Kva kan vi gjere med det?
- Prioriter dei viktigaste områda som de må gjere noko med for å betre dialogen og styrke tilliten
- Sett «den gode og tillitsfulle dialogen» på agendaen på fellesarenaer og samlingar framover
- Fordel ansvar for å følgje opp tiltaka de vert einige om