Målet med verkstaden var å diskutere nærdemokratiske ordningar som verktøy for lokal deltaking og utvikling. I tillegg ville vi løfte fram kva som er utfordringar og moglegheiter med nærdeomkratiske ordningar, sett i samanheng med ny kommunestruktur. Vi ville gje rom for å reflektere rundt dei praktiske erfaringane og kva det er viktig å ta med inn i arbeidet med kommunereformen. I dette ville vi også ha fram korleis lokaldemokratirettleiaren som Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Kompetansesenter for distriktsutvikling skal utvikle kan vere eit best mogleg verktøy for kommunane.
På verkstaden presenterte NIBR og Norut forsking om nærdemokratiske ordningar, medan Institutt for samfunnsforskning la fram forsking om minoritetar si deltaking i lokaldemokratiet. I tillegg fortalde Fredrikstad kommune og Holbæk kommune (Danmark) om sine erfaringar med nærdemokratiske ordningar. Du kan sjå alle innlegga her.
Nærdemokratiske ordningar i lys av kommunesammenslåingar
Toril Ringholm drøfta mellom anna den demokratiske risikoen kommunane bør ta når dei prøver ut ulike nærdemokratiske ordningar. Ho fortalde også at det er viktig å vurdere om det er rett å ha ei standardisert løysing for heile kommunen, eller om det er riktigare å tenkje differensiering.
Sjå Torhil Ringholm sin presentasjon på workshopen.
Les Torhil Ringholm sitt notat Nærdemokratiske ordninger i lys av kommunesammenslåinger
Etniske minoriteters deltagelse og posisjon i lokaldemokratiet
Johannes Bergh trakk fram kommunane sitt ansvar for både å lytte til dei som ytrar seg og til å bidra til at grupper ein veit står utafor vert høyrt. Det kan mellom anna skje ved å skape møteplassar mellom ulike nettverk og grupper i både offentleg, privat og frivillig sektor.
Sjå Johannes Bergh sin presentasjon på workshopen.
Les Guro Ødegård og Johannes Bergh sitt notat Etniske minoriteters deltagelse og posisjon i lokaldemokratiet
Nærdemokratiske ordninger
Marte Winsvold fortalde om behovet for målretta rekruttering til nærdemokratiske organ, uansett kva form ein vel å ha dei på. Ho la også vekt på at forventningane og ansvaret til organet må vere tydelege og avklarte.
Sjå Marte Winsvold sin presentasjon på workshopen.
Les Marte Winsvold sitt notat Nærdemokratiske ordninger.
Nærdemokratiske erfaringar i Holbæk kommune (DK)
Etter kommunesamanslåinga i 2007 ville Holbæk kommune sine politikarar ha meir kontakt med innbyggjarane. I opne møte i lokalfora har dei fått kortare veg frå innbyggjarane til både politikarar og administrasjon. Men berre ein prosent av innbyggarane deltek, og Demokratieksperimentariet prøver ut nye former for involvering og nærdemokrati.
Sjå Holbæk kommune sin presentasjon på workshopen.
Nærdemokratiske erfaringar i Fredrikstad kommune
Ei erfaring med lokalsamfunnsutvala i Fredrikstad kommune har vore at lokalutvala ønska meir makt enn dei hadde fått. Forventningsavklaringa burde ha vore betre. Dei ser også at det er viktig å ha nok administrative ressursar i kommunen til å ha kontakt med lokalsamfunnsutvala.
Sjå Fredrikstad kommune sin presentasjon på workshopen.
Distriktssenterets rolle i kommunereformen
Kvifor koplar Distriktssenteret – Kompetansesenter for distriktsutvikling nærdemokratiske ordningar og kommunereformen? Vi har mellom anna fått i oppgåve å samarbeide med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å lage ein lokaldemokrativeiledar i samband med kommunereformen.
Sjå Anne Irene Myhr sin presentasjon på workshopen.