Tittelen på prosjektet spelar på Aurland sin identitet som fjellkommune og til dei mange huldresegnene om at folk blei bergtekne – lokka av dei underjodiske. Målsettinga med prosjektet er at fleire skal falle for Aurland.
Prosjektet er innspirert av velukka tilflyttingsprosjekt i andre kommunar. I denne første prosjektfasen handler det mest om mobilisering, og om å skape engasjement gjennom å vise veg for mogelegheiter, lære kvarande sine styrkar, og om å bygge tillit og handlingskapasitet i lokalsamfunnet. I ein neste fase når dette er på plass, er vi godt rusta til å ta store steg i lag.
Det skal likevel gjennomførast konkrete aktivitetar i denne første prosjektfasen.
Desse skal vere knytt til å prøve ut ulike strategiar for tilflytting, samt auke bulyst ved å vidareutvikle Aurland sin identitet knytt til natur, historie og kultur. Aurland, som andre stader opplever eit veksande mangfald av najsonalitetar. Vi er opptekne av å få mange med, og ynskjer i denne fasen av prosjektet både å inkludere tilflyttarar, og la oss inspirere av mangfaldet som er lokalt.
Samarbeidspartnere
- Aurland kommune
- Verdsarvparken
- Landbrukskontoret
- Bondelaget i Aurland
- Frivillege lag og organisasjonar
- Andre lokale eldsjeler
Representantar frå «mangfaldet» skal inviterast til å delta i prosjektgruppa.
Målgrupper
Alle innbyggjarar i Aurland, både norske og utanlandske, tilflyttarar og dei som er oppvaksne i Aurland er i målgruppa og bør mobiliserast for å målsettingane i prosjektet. Ei prosjektgruppe vil ha mandat til å planlegge og gjennomføre aktivitetane i prosjektet. Prosjektet skal tilstrebe å ha aktivitetar som er retta mot ulike aldersgrupper.
Aktiviteter
Vi prøvar å gjere aktivitetane så konkrete som mogeleg:
- Auke busetnad i kommunen, ved at ein større del av bustadmassen blir gjort tilgjengeleg som heilårsbustad. Dette inneber å motivere eigarar av tomme bustader til å leige ut eller til å vurdere sal av bolig. Konkret mål for eittårsperioden er er å gjere 5 nye boligar tilgjengelege.
- Skape fleire møteplassar, ved å gjennomføre lokale bulyst arrangement med tema knytt til formidling av lokal kunnskap og lokal kultur. Gjerne gjennom arbeid med å lage fleire naturmøteplassar der huldra, igjen kan vere tema. Konkret mål for eittårsperioden er 2 bulystarrangement i regi av frivillege lag og organisasjonar eller privat næringsdrivande.
- Ta vare på mangfaldet, ved å gjennomføre bulyst arrangement med fokus på internasjonal mat, kultur og globale spørsmål. Konkret mål for eittårsperioden er 2 internasjonale arrangement i regi av frivillege lag og organisasjonar eller privat næringsdrivande.
Prosjektet Bergteken er tildelt inntil 650 000 kroner i Bolystmidler i 2013.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret.
Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Forankring
Målsettinga i prosjektet om auka tilflytting er forankra i Aurland kommune sin kommuneplan, frå 2007, og i kommunal planstrategi for 2012-2015.
Ein av utviklingsstrategiane i Aurland for denne valperioden er verdiskaping bygd på kulturarvverdiar.
Verdsarvparken er ein viktig verdiskapingsaktør i kommunen.
At kommunen også skal ha fokus på mangfald blir, mellom anna, stadfesta i lokale analysar, som er gjort i samband med arbeid med kommunedelplan for næring i 2012. Folketalet i Aurland har gått mykje ned dei siste 10 åra.
Frå 2010 til 2012 er det likevel ein liten auke. Tilflyttarane er i stor grad arbeidsinnvandrarar frå austlege delar av Europa.
Formannskapet har, i møte 28.02.13, fått framlagt ei skisse til prosjektsøknad og bede om at administrasjonen utarbeider ein søknad på bakgrunn av skissa. Formannskapet ber om å få sak om finansiering utgreidd og framlagt som eiga sak.
Prosjektorganisering
Aurland kommune er prosjekteigar.
Formannskapet er styringsgruppe i prosjektet og rådmann har rolla som prosjektansvarleg.
Prosjektansvarleg skal rapportere til eigar og styringsgruppe.
Prosjektansvarleg skal rådføre seg med styringsgruppa om vegval i prosjektet. Prosjektansvarleg har ansvar for økonomien i prosjektet.
Det skal tilsetjast ein prosjektleiar i 50% i eit+eit år. Prosjektleiar skal ha ansvar for framdrifta i prosjektet og skal gjennomføre aktivitetane i prosjektet i tråd med prosjektplan og i samarbeid med prosjektgruppa.
Det blir sett ned ei prosjektgruppe med representantar for samarbeidspartane.
Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Prosjektmål
Hovudmålsetting med prosjektet er å mobilisere krefter i Aurland til å jobbe for felles målsetting om auka tilflyttinga. Vi vil at fleire skal bli bergtekne av plassen. Dette vil på sikt gagne både næringsliv, offentleg verksemd og gje grunnlag for aktivitet og eit større sørvistilbod.
Prosjektet har tre delmål:
- Auke busetnad i kommunen
- Skape fleire møteplassar
- Legge til rette for mangfald
Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Resultat
Evalueringa av prosjektet må vere i høve til om dei konkrete aktivitetane er gjennomført. Bulyst er subjektivt, og vil ikkje kunne målast utan at det er gjennomført referanseundersøkingar før prosjektet blir sett i gang. Dette blir ikkje prioritert. Folketalet blir påverka av mange faktorar. Det vil såleis vere knytt stor usikkerheit til om ein auke i folketalet ha rein kausal samanheng med aktivitetane i prosjektet.
Effekter
Det er, etter vår vurdering, generelt knytt liten risiko til gjennomføring av aktivitetane i prosjektet.
Risiko i høve til resultat er kommentert ovanfor.