Fagområde: Omdømme Tilflytting

BlideBolstad – «Hus treng folk – folk treng hus»

Prosjektet har eit ønske om å auke befolkningstilveksta i bygda, med hovudfokus på barnefamiliar, få utflytta ungdomar tilbake og ta imot innvandrarar frå Nederland og andre som har lyst å busetja seg i bygda.

I bygda Bolstad er det er eit sterkt ønske om å snu den negative folketalsutviklinga og få bygda til å veksa att. Bygda skal difor marknadsførast og dei vil jobba med omdømebygging.

Bygda har hatt nedgang i folketalet og særleg barnetalet dei siste 5 åra, hovudsakleg fordi Jernbaneverket har hindra utviding av byggefeltet og dermed tilflytting. Folk har ikkje vore klar over at det faktisk er mange tomter som kan byggjast på, men det er no opna opp for ei avgrensa utbygging.

For å få fleire innbyggjarar til bygda har dei i fyrste omgang starta eit samarbeid med Placement, som er eit profesjonelt rekrutteringsfirma av nederlendarar, tyskarar og belgiarar. I tillegg skal dei og arbeida for å få utflytta bolstingar tilbake, samt marknadsføre bygda for barnefamiliar som kan ønske å bu landleg i pendlaravstand til Bergen og Voss.

Samarbeidspartnere

Voss Kommune ved næringskonsulent Iril Schau Johansen
Tlf: 47 02 63 47
[email protected]

Lokale samarbeidspartar

  • Bolstadøyri Turnlag. Leiar Torbjørn Hjørnevik
  • Bolstadøyri kvinne og familielag. Leiar Anny Forthun
  • Bolstadøyri Ungdomslag, Magnar Helland

Alle som bur i bygda er automatisk medlemer i Bolstadøyri grendalag

Målgrupper

Barnefamiliar, utflytta Bolstingar, innvandrarar frå Nederland og andre som har lyst å flytta til Bolstad.

Målgruppa for prosjektet er også bygdefolket sjølve. Prosjektet ønskjer at dei blir gode til å ta imot nye innbyggjarar, gode til å byggja eit godt omdømme og blir inspirert og motivert til å skapa gode møteplassar ute og inne.

Aktiviteter

Inkludering av innvandrarar frå Nederland til Bolstad (Placement).

  • Bygda treng ekstra ressursar for å kunna ta imot dei nye innflyttarane på ein god måte. Dei ønskjer inspirasjonskveldar for å læra av andre som har lukkast gjennom foredrag og studieturar. Dei ønskjer å få på plass gode uformelle møteplassar (kafe, grillplass ved strandsona, Villmarksleir og fjellturar). Det er også eit mål å leggja til rette for etablering av nye arbeidsplassar spesielt med tanke på nederlendarane.

Utviklingsprosjekt retta mot ungdom.

  • Det fins eit basis tilbod for barn og unge i bygda, men ein konkurrerer med større tilbod på Voss og Dale. Det er eit mål å få til eit større og meir variert tilbod lokalt. Ei anna målgruppe dei ynskjer å få tilbake er utflytta ungdomar under utdanning eller i etableringsfasen.

Tilflyttingsprosjekt Oppfylging avtale med Placementprosjektet.

  • Målet er å gjennomføra avtalt eigeninnsatsen i prosjektet til Placement, som det ikkje er løyvd midlar til av kommunen. Dette gjelde reiseutgifter i samband med messer, arrangement i Nederland informasjonsarbeid overfor bygdefolket.

Prosjektet BlideBolstad – «Hus treng folk – folk treng hus» er tildelt  inntil 150 000 kroner i Bolystmidler i 2013.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggende informasjon uten vurdering fra Distriktssenteret.

Eierskap, organisering og formell forankring

Eierskap og forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Forankring

Kommuneplan for Voss 2011- 2020 om bygda: «Utvikle Evanger og Bolstad som attraktive buområde for m.a. pendlarar frå Bergensområdet.»

Kraftforndet i Voss kommune har finansert rekrutteringsprosjektet med Placement. Ordføraren og tre frå administrasjonen i Voss kommune saman med 6 stk frå Bolstadøyri grendalag var med på Placement si Skaninaviske messe i Nederland januar i år. Orføraren har vore ein god ambassadør for prosjektet

Dei er oppmoda om å søkja Kraftfondet i Voss kommune om eigenandel til prosjektet.

Dei søkte om LivOGLyst midlar i 2013 og fekk då tilsagn frå kraftfondet om eigenandel. Her nådde dei diverre ikkje opp, men fekk i staden status som assosiert medlem av LivOGLyst 2013 utan midlar.

Prosjektorganisering

Prosjektet er organisert av Bolstadøyri grendalag som vart stifta 01.02.2013

Grendalaget er ein paraply –organisasjon og koordinator mellom dei andre laga i bygda : Bolstadøyri Ungdomslag, Bolstadøyri Turnlag og Kvinne og Familielaget.

BULYST på Bolstadøyri 2013 vert organisert under grendalaget sitt styre som vil vera styringsgruppe.

Ungdomslag som formell søkjar. Leiar i Bolstadøyri Ungdomslag er Magnar Helland.

Målformulering

Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Prosjektmål

Inkludering av innvandrarar frå Nederland til Bolstad ( Placement).

Utviklingsprosjekt retta mot ungdom.

Tilflyttingsprosjekt Oppfylging avtale med Placementprosjektet.

Resultat og effekt

Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Resultat

Resultatet vil vera å få fleire unge familiar i bygda. Bygdefolket vil bli betre til å ta i mot nye tilflyttarar, bli betre til marknadsføra bygda og driva med positiv omdømebygging. Dei vil bli betre til å leggja til rette og skapa gode møteplassar og det sosiale miljøet, samhaldet og identiteten til bygda vil bli styrka.

Vaksne og born vil få større omgangskrets, vener og leikekameratar lokalt. Det blir større befolkningsgrunnlag for lokale aktivitetar som kan konkurrera med tilbod på Voss og Dale

Effekter

Mange av Nederlendarane som ynskjer å flytta til bygdenorge er ressurssterke folk med god utdanning og fleire ynskjer å starta si eiga verksemd. Det kan bety større skatteinntekter for kommunen og fleire arbeidsplassar.

Auka folketal betyr og fleire statlege overføringar. Voss manglar ingeniørar og helsepersonell og prosjektet på Bolstad kan bidra til å avhjepa rekrutteringsproblem både på Voss og regionalt. Bygda har eit stort tomtepotensiale og ligg gunstig til ved Vossebanen. Bygda vil kunna ta del i den forventa folkeauken i bergensregionen og sidan vi har jernbanen, vil ein folkevekst her ikkje belasta vegnettet i Bergen.