Fagområde: Stedsutvikling

Juryens vurdering av finalistane 2013

Her er juryen for Attraktiv stad 2013 si vurdering av stadane som kom til finalen.

Ringebu

Foto: Distriktssenteret

Juryen på synfaring i gågata i Ringebu senrum. Foto: Distriktssenteret

Ringebu er ein triveleg landsby som ligg langs E6 i Gudbrandsdalen i Oppland fylke. Kommunen har 4500 innbyggjarar og like mange fritidseigedomar.

Sjå også: juryen si grunngjeving for vinnaren av Attraktiv Stad 2013

Juryen meiner at Ringebu har jobba langsiktig og godt med å utvikle staden og gjere den attraktiv. Kommunen, frivillige og næringsliv samarbeider tett om utvikling, og fleire synlege resultat er kome ut av dette. Ringebu har eit samla og definert sentrum, med ei unik gågate. Her er det torgsal kvar laurdag heile sommaren, og gågata blir elles brukt til kulturaktivitetar året rundt. I sentrum finn ein også attraktive spesialbutikkar – som pølsemakaren og skobutikken.

Ringebu har også fått ei rolle som ein attraktiv stad i regionen gjennom å ha dette unike handelstilbodet og ein heilt særskild trivelig sentrum som både er vitalt, vakkert og særegent. Sentrum er veldig kompakt og oversikteleg med kvartalsstruktur og har ein godt vedlikehalde eldre trehusbebyggelse. Kulturhus og bibliotek ligg midt i sentrum med ein stor torgplass, utescene og leikeplass i tilknytta uteområde. Asylmottak er også plassert midt i sentrum, noko som gjer velkomsten for nye tilflyttarar svært positiv.

Ringebu, med sin etablerte sentrumsstruktur, fungerer som ein god arena for mange og ulike kulturaktivitetar. Dei har eit bevisst forhold til at aktivitetar i sentrum bidrar til å gjere staden attraktiv for innbyggjarane og besøkande. Dei jobbar også målretta med at aktivitetane skal vere varierte og retta mot ulike målgrupper.

Barn og ungdom er ei viktig målgruppe i tillegg til meir familieretta og regionale aktivitetar som t.d Fårikålfestivalen. Frivillige lag og organisasjonar bidrar  med stort engasjement i aktivitetane, og det er eit godt samspel mellom kommune, frivillige og næringsliv. I forhold til omdømme der dei marknadsfører Ringebu som ein triveleg landsby, så får dei god score av juryen på dette. Ringebu er verkeleg ein sjarmerande, liten landsby å besøke.

Herøy

Det vakre øysamfunnet Herøy i Nordland er ein liten, men tydeleg, bevisst og handlingsretta kommune. Dei har 1750 innbyggjarar i kommunen og fleire øyer enn innbyggjarar. Deira spissa satsing på bustad- og næringsutvikling har gitt imponerande resultat med vekst i folketal og arbeidsplassar. Å tilby bustadbyggjeskule, og bustader lokalisert langs sjøen gir nye innbyggjarar ein framifrå start med kunnskap og nærleik til staden sin identitet. Kommunen er eksepsjonelt gode på integreringsarbeid og omdømmebygging, og har skapt attraktive og originale møteplassar med human kapital gjennom dette arbeidet.

I Herøy har dei eit originalt, lite ”handlesenter” med attraktive spesialbutikkar, eit moderne skule – og idrettsanlegg, og eit nytt treningssenter som er bygd i nærmiljøet til sjukeheim og aldersbustader og gir nytt samspel mellom ulike bebuargrupper. Nye kommunikasjonar med båt og vegar er under planlegging og vil gi samfunnet nye moglegheiter for utvikling internt og mot nabokommunar.

Juryen vart sjarmert og imponert over engasjementet, handlekrafta, originaliteten og resultata Herøy kan vise fram for sine satsingsområde. Herøy kommune synleggjer gjennom sin offensive handling at dei har ”eit hav av moglegheiter”.  Det vert spanande å følgje stadutviklinga på Herøy vidare.

Fagernes

Foto: Distriktssenteret

Ny barneskule i Fagernes. Foto: Distriktssenteret

Fagernes ligg i Oppland fylke og har 6500 innbyggjarar. Staden har ei historisk rolle som kommunikasjonsknutepunkt og handelsstad. I stadutviklinga er denne rolla positivt vidareført. Fagernes har eit mangfald av butikkar og eit nyopprusta, utvida kjøpesenter i sentrumskjernen og dei satsar sterkt på næringsutvikling.

Fagernes er svært dyktige på festivalarrangement basert på tema med lokal tilknyting og nasjonal interesse; Norsk rakfiskfestival, Jørn Hilme stemnet og Sommersymfoni. Festivalar og arrangement har høg dugnadsinnsats.

I Fagernes har dei arbeidd med gate og plassutforming i mange år, og har no starta eit spanande arbeid med fortetting og regulerer inn sentrumsnære bustader/leiligheitsbygg med høg utnytting. Dette kan gi nye kvalitetar, spanande ny arkitektur, og skape positiv aktivitet utanom forretningane sine opningstider. Å opne mot Strandefjorden med tilkomstvegar, kontakt med Valdres folkemuseum, opparbeiding av friområde med uorganisert aktivitetstilbod for barn og unge er eit godt grep. Skatepark og BMX-bane er positivt planlagt av og med brukarane.

Fagernes har eit blomstrande og allsidig kulturliv og foreiningsliv. Næringslivsorganisasjonen er ein aktiv og positiv pådrivar, også for ivaretaking av det historiske bygningsmiljøet knytt til bustad, handel og industri. Nytt biovarmeanlegg er teken i bruk for det moderne, flotte sentrumsnære skule/kulturskule/idrettsanlegget. Bioanlegget skal gi miljøvenleg varme til fleire sentrumsbygg. Fagernes er regionsenter i Valdres og vert positivt støtte av 6 omegnkommunar som samarbeider gjennom Valdresrådet. Fagernes er ein optimistisk stad i utvikling.

Kirkenes

Kirkenes er ein unik by i norsk historie, og har ein heilt særeigen karakter. Det tunge industrielle preget heilt inne i bykjernen er det få andre norske byer som har. Kirkenes er ein av dei mest globaliserte norske byane med ei svært samansett befolkning, ikkje minst som eit utkomme av dei stor endringane på begynnelsen av 1990 talet med opninga mot aust. I dag har den største innvandringsgruppa russisk bakgrunn.

Staden har teeke på alvor dei utfordringane som store kulturelle og økonomiske endringar gir for eit lokalsamfunn. Kirkenes har på en bevisst og målretta måte utvikla seg frå eit tradisjonelt gruvesamfunn til eit fleirkulturelt sentrum for Barentssamarbeidet i nord, og har med det teke steget inn i det moderne kunnskapssamfunnet.

Med sin nærleik til Russland og Finland, har Kirkenes etter den kalde krigen igjen blitt ein naturleg og fruktbar møtestad på tvers av kultur og språk.  Dette arbeidet har vakse gjennom eit langvarig kulturarbeid knytta til det årlege Barentsspektakel, som i stadig større grad også er blitt ein geopolitisk arena.

Kommunen har lagt til rette for økonomisk- og kulturelt samarbeid, blant anna gjennom innføring av grenseboerbevis, aktiv bruk av biblioteket som fleirkulturell møtestad, og inkludering av omkringliggande grender i kultur- og idrettsaktiviteter. Til grunn for dette arbeidet ligger ein sterk frivilligheitskultur og bevisst strategi om at god samfunnsutvikling byggjer på møte mellom einskildmenneske. Kommunen er i vekst med svært lav arbeidsledigheit, og legg stor vekt på inkludering av tilflyttarar.

Kirkenes sin fysiske form er eit resultat av gjenoppbyggingen etter 2. verdskrigen med ein ganske tett og urban form. Med lokalisering av ny skule og nytt symjeanlegg inne i sentrum er det teke omsyn til sentrums vidare utvikling. Sentrumsområdet i Kirkenes har særpreg med en stor skipshall malt i blått og grønt, KIMEK-bygget, som ligger midt i sentrum.

Byen er også prega av at uteromma blir teke i bruk heile året med torgsal av russiske handelsreisande til tross for sin arktiske beliggenheit. I dag er Kirkenes under utvikling med nye bustader i sentrum, vedteken lysplan og fargeplan, og planar for utvikling av strandsona er på gang. Juryen er spent på korleis Kirkenes vil utvikle sitt bysentrum vidare i tida framover.