Seljord kommune er ein innlandskommune i Telemark, med nærare 3000 innbyggarar. Kommunen har eit aktivt næringsliv og godt samspel mellom kommune og næringsliv. Kommunen blei i 2012 vurdert å vere blant dei beste på utvikling, i ei analyse gjort av Telemarkforsking, på oppdrag frå Distriktssenteret.
Fleire jobbar enn folk
Folketalet i Seljord har hatt nokonlunde jamn auke dei siste åra, men i mindre grad enn arbeidsplass- og næringsutviklinga tilseier. Kommunen sjølv og Seljord næringslag peiker på aktiv bustadutvikling som det viktigaste grepet for å sikre næringsutviklinga og ei sterkare folketalsutvikling.
Dette er bakgrunnen for at Seljord kommune i 2012 søkte deltaking i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distriktene». Her deltek kommunen, saman med 11 andre kommunar.
Tek bustadutfordringa på alvor
Kommunen har teke bustadutfordringa på alvor, blant anna ved å rullere kommunedelplan for kommune- og handelssenteret Seljord. Flesteparten av innbyggjarane bur her. Det er også her etterspurnaden etter bustadtilbod er størst. Private aktørar har dei siste åra bygd omlag 40 leilegheiter i bygda Seljord. Dette har igjen frigjort andre bustader. Enno eit nytt leilegheitsbygg er under bygging.
Vil satse utover kommunesenteret
Samstundes ser kommunen behov for å rullere heile kommuneplanen, for å tilrettelegge for og bumiljø også knytt til dei andre bygdesentra. I kunst og kulturbygda Flatdal og den initiativrike fjellbygda Åmotsdal er det også mangel på bustader for tilflyttarar. Bustader til leige er ei særleg utfordring. I Åmotsdal er det heller ingen ledige byggeklare tomter og lite hus til sals.
Utleige og prøvebu
Seljord kommune ønskjer også å tilrettelegge for fleire kommunale utleigebustader. I dag er det mangel på slike, særleg med omsyn til å dekke behovet for bustader for grupper som har særlege utfordringar med å kome seg inn på bustadmarknaden.
Saman med fleire kommunar i Vest-Telemark har Seljord kommune også delteke i eit forprosjekt knytt til bygging av prøvebustad for tilflyttarar. I Seljord blir dette arbeidet knytt til bygda Flatdal, der eit kommunalt byggefelt med byggjeklare tomter kan vere aktuelt for eit prøvebustadprosjekt.
Fram til hausten 2013 har Seljord kommune brukt tilskotsmidlar til å stimulere einebustader til private hushaldningar.
Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapportar hjå Husbanken. Distriktssenteret formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av prosjektet er avslutta.