Fagområde: Tilflytting

Tilflyttingsprosjektet i Strongfjorden

Rekrutteringsarbeid på Island og i Nederland.

Stongfjorden kom med i bygdeutviklingsprogrammet i 2010. Styrking av barnehage og skule var eit av dei sentrale arbeidsområda. Like etter fekk dei varsel om at kommunen vurderte å leggje med grendaskulen frå hausten 2011.

Tilflyttingsprosjektet starta som ein spontan aksjon som var på dette. Dei mangla tre born for å redde grendaskulen, og sendte mellom anna sms’ar til Island med melding om at det var på tide å kome heim etter 1136 år.

Resultatet blei 28 nye innbyggjarar i Strongfjorden og nokre andre stader i Askvoll. Den største bøygen har vore å skaffe hus. Strongfjorden Vel arbeider vidare med å sikre positiv tilvekst framover slik at dei får behalde skulen. Organisert som frivillig arbeid.

Samarbeidspartnarar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Hovedmål

Tiltrekkje seg nye innbyggarar.

Målgrupper

Barn født 2002-2005

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Tilflyttingsprosjektet i Stongfjorden er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av eit større prosjekt ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.