Satsinga har som mål å styrka kompetanse og kapasitet i kommunane til å drive lokalt utviklingsarbeid. Kommunane skal bli enda betre til å planlegga, mobilisera, samarbeida og gjennomføra utviklingsprosjekt. Distriktssenteret har ei rolle som kunnskapsformidlar og kompetansepartnar i satsinga.
Følgeevaluering og sluttrapport
Satsinga Lokal samfunnsutivkling i kommunane – LUK – er no avslutta, og Telemarksforskning har gjennomført ei følgjeevaluering.
Samarbeid mellom kommunar og fylke
Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjennomfører satsinga i samarbeid med fylkeskommunane. I satsinga blir det lagt vekt på å utvikla eit tettare samarbeid både mellom fylke og kommunar, og mellom fleire kommunar. Fylkeskommunane er sentrale aktørar og deira rolle som samordnar, aktiv rådgjevar og støttespelar overfor kommunar med utviklingsbehov skal styrkast.
Skreddarsaum
I dialog med departementet, kommunar og andre relevante aktørar har fylkeskommunane utvikla og konkretisert korleis satsinga skal gjennomførast i kvart fylke. Den førebuande fasen starta opp i 2009, der dei 18 fylkeskommune fekk tildelt 1 million kroner kvar til oppstarten. Fylkeskommunane kan i samarbeid med kommunar søka om resterande midlar på grunnlag av ein konkret plan.
Resultatmål
Resultatmål for satsinga er:
- Fleire kommunar er sterke utviklingsaktørar og arbeider kontinuerleg med å bygge opp attraktive lokalsamfunn.
- Initiativ frå innbyggarar, bedrifter, entreprenørar, eldsjeler og frivillige organisasjonar er godt integrerte i utviklingsarbeidet.
- Fylkeskommunane har betre kapasitet og kompetanse til å styrke arbeidet med lokal samfunnsutvikling i kommunane.
- Fylkeskommunane har oversikt over aktuelle utviklingsprogram og kan samordne fagleg og økonomisk støtte til kommunane.
- Utnyttinga av verkemiddel til lokale utviklingstiltak er meir effektiv.
Virkemiddel
Kunnskapsutvikling, nettverksbygging, økonomiske midler
Målgruppe
Kommunar