Fagområde: Tilflytting

Bulyst i Vanylven

Prosjekt som skal sjå på på korleis ein kan få fleire inn i Vanylven kommune, og korleis ein kan skape trivsel for nye og allereie etablerte Vanylvingar.

Vanylven hadde for ein del år tilbake ei stor fråflytting av ulike årsaker, og har sidan jobba for å snu denne trenden. I 2008 tok Vanylven kommune grep om dette, og for å setje eit ekstra trykk på dette arbeidet vart det starta opp eit eige prosjekt med truleg landet sin einaste bulystkoordinator. Prosjektet blir eigd av Vanylven Vekst, men er organisatorisk plassert under rådmannen.

Prosjektet skal sjå på på korleis ein kan få fleire inn i til kommunen og korleis vi kan skape trivsel generelt for nye og allereie etablerte Vanylvingar. For å sikre ei breidd i innspel har kommunestyret valt ei eiga prosjektnemd. Prosjektnemda består av to formannskapsmedlemer, to medlemmar frå næringslivet, to elevar frå vidaregåande skule og tre andre innbyggjarar.

Ein driv no nettstaden eingrunntilåsmile.no. (nede pr 08.08.2016 red. amn)

Aktivitetar

  • Arrangement utenfor kommunen for å rekruttere folk
  • Annonsering i media
  • Brosjyrer og lignende
  • Besøk på skoler og andre studiesteder
  • Bruk av rekrutteringsbyråer
  • Deltatt på utstillinger/stand
  • Integreringstiltak for tilflyttede

Viktigaste salgsargument

  • Livskvalitet
  • Godt oppvekstmiljø
  • Bygdemiljø/sosialt miljø

Samarbeidspartnarar

  • Grende-/bygdelag
  • Næringslivet
  • Frivillige lag og organisasjoner

Hovedmål

Skape rekrutering og trivsel generelt.

Målgrupper

Alle typer innflyttere.

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Bulyst i Vanylven er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av eit større prosjekt ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.