Sjå presentasjon brukt i webinaret.
Omfattande innkjøpssamarbeid kan vere ei utfordring for lokal handel. Store innkjøp vil i praksis favorisere store leverandørar som kan levere til stort geografisk område. Resultatet av ein slik innkjøpspolitikk kan bli nedbygging av lokalt næringsliv. Då er innkjøpspolitikken i konflikt med kommunens rolle som samfunnsutviklar eller entreprenør.
I dette webinaret vil vi vise døme på fleire kommunar som på ulike måtar har utnytta dei moglegheitene som ligg i Lov og forskrift om offentlige anskaffelser.
Det er mogleg å finne fleksible løysingar der kommunen kombinerer interkommunalt innkjøpssamarbeid med mindre konkurransar som i større grad er tilrettelagt for lokale leverandørar. Suldal, Vefsn, Midt-Telemark, Øvre Eiker, Stavanger og Tromsø er kommunar som blir trekt fram.
Distriktssenteret har gjennom Merkur-programmet fått i oppdrag å gjere kommunane merksame på at dei har eit handlingsrom som inneber at dei kan leggje til rette for at lokale aktørarar kan konkurrere om offentlege innkjøp, samstundes som kommunen følgjer lovverket. Vi ønskjer gjennom dette webinaret å inspirere fleire kommunar til å få enda betre effekt av dei kommunale innkjøpa.
Målgruppe og varigheit
- Ordførar, næringssjef og folkevalde med interesse for næringsutvikling
- Rådmann, innkjøpssjef eller andre som jobbar med kommunale innkjøp
Webinaret varer i litt over 20 minutt.