Dialog- og tillitssjekken

God dialog kan utfordre gamle tankemønster, setje lys på ulike perspektiv og stimulere til genuin nyskaping. Dialog- og tillitssjekken er eit skjema med ni spørsmål som hjelper deg å kartlegge korleis dei som deltek i prosessane oppfattar kvaliteten på dialogen.

To personer ser på en laptop. Stock foto.

Slik kan du bruke dialog- og tillitssjekken

Dialog- og tillitssjekken kan nyttast i prosessar der ulike menneske møter kvarandre og skal arbeida saman over noko tid. Det kan til dømes vera i arbeid med kommuneplan, utviklingsstrategiar eller i verneprosessar. I ein felles prosess kan ein følgje denne oppskrifta:

  • Fyll ut skjema på nett, eller print og del ut skjema til alle deltakarane
  • Sett av tid til at alle får fylle ut kvar for seg

Når alle har fyllt ut skjema

  • Dersom det er meir enn 10 deltakarar: del i mindre grupper
  • Del refleksjonar rundt kva område de må jobba meir med:
    • Har vi lik oppfatning?
    • På kva område sprikar det?
    • Kvifor?
    • Kva kan vi gjere med det?
  • Prioriter dei viktigaste områda som de må gjere noko med for å betre dialogen og styrke tilliten
  • Sett «den gode og tillitsfulle dialogen» på agendaen på fellesarenaer og samlingar framover
  • Fordel ansvar for å følgje opp tiltaka de vert einige om