Fagområde: Tilflytting

Utsira gir energi!

I Noregs minste kommune med 218 innbyggjarar opplever lokalsamfunnet ein oppsving. På Utsira er nye hus under oppføring, nytt bygg for skule, barnehage og kulturhus skal snart opnast og aktivitetsnivået er høgt.

Utsira kommune ligg vest i havet utanfor rogalandskysten ein times båtreise frå Haugesund. Kommunen var tidleg ute med å fokusere på behovet for strategisk og langsiktig jobbing for å skape ein livskraftig øykommune der folk trivst og ynskjer å etablere seg. Øya trengte fleire fastbuande og fleire arbeidsplassar. Særlig viktig var det å kunne tilby unge kvinner attraktive arbeidsplassar. Allereie i 2000 var kommunen med som pilotprosjekt i Kommunal- og regionaldepartementet sine satsingar.

I 2008 fekk kommunen midlar gjennom Bulystprosjektet. Dette har gitt ny driv i utviklingsarbeidet på øya. I prosjektet er det lagt vekt på å utvikle lokal kompetanse for å sikre seg involvering og eigarskap til ulike tiltak som blir sett i gang. Mange av tiltaka har fokus på trivsel, og dette har skapt samhald og engasjement for staden ein bur på. Resultatet er mange gode ambassadører for Utsira. Visjonen ”Utsira gir energi” er difor noko innbyggjarane stiller seg bak med stoltheit. Haldningar om Utsira har endra seg, og nytenking er blitt ein del av kvardagen. Fleire bryr seg om problemstillingar om det å bu og leve på Utsira. Det vert diskutert og idemyldra om korleis gjere Utsira til ein betre stad å bu. Sirabuen er blitt gode ambassadørar og snakkar positivt om Utsira når dei er ute og reiser, på internett eller når det kjem gjester til øya. Innbyggjarane føler dei er med å forme øya og moglegheitene her, og på denne måten bidrar til å bety mykje for lokalsamfunnet.

Og mange er med på å dra lasset i prosjektet. Prosjektleiaren i Bulyst-prosjektet har med seg kommunen, private aktørar og mange frivillige innbyggjarar. Fleire arbeidsgrupper er i sving og jobbar med tilflytting, bustadmangel, marknadsføring, reiselivsutvikling og infrastruktur. Dei ulike reiselivsbedriftene på øya samarbeidar no godt om å selje Utsira som ei oppleving og eit heilskapleg produkt. Ein har også lukkast i å gjennopprette ein kontakt mellom øyene som ikkje har vore tilstades sidan moderne samferdsleruter tok over. Ei felles satsing på reiseliv mellom Røvær, Utsira, Feøy og Espevær gjev no resultat og det er mogeleg for besøkande å oppleve mange spennande aktivitetar på øyhopping mellom småsamfunna i vest .

Distriktssenteret ser at prosjektet på Utsira har fungert som katalysator for utvikling, og har skapt optimisme og framtidstru hjå Sirabuene. I sine prioriteringar har prosjektet bevisst valt å støtte initiativ med varig effekt og lang levetid, som betrar eller sikrar eksisterande tilbod. Med midlar frå prosjektet, har dette gjort det mogleg for mange å realisere sine idear og prosjekt. ”Utsirahulderene” som er ein nyetablert arbeidsplass for fire kvinner er eit godt døme på dette. Her er det arbeidsplass og butikkutsal i same lokale, og i tillegg sel dei produkta sine over nettbutikk!

Prosjektleiaren seier Bulyst-prosjektet har vore ein god læringstid for dei fleste. Fleire har innsett og lært at skal ein få til noko og vil noko, må ein sjølv bidra til at det skal skje.