Granvin kommune – Hordaland

Ny bru og nye vegar gjev utviklingsmulegheiter til trebygda inst inne i ein arm av Hardangerfjorden.

Det blir bygd nye hus på gamle tomter ved stasjonsområdet heilt nede ved fjordkaien. Her blir det bygd fire leilegheiter til utleige eller sal. (Foto: Trude Risnes)

Det blir bygd nye hus på gamle tomter ved stasjonsområdet heilt nede ved fjordkaien. Her blir det bygd fire leilegheiter til utleige eller sal. (Foto: Trude Risnes)

Nye og betra kommunikasjonar gjer at Granvin har fått ny giv i utviklingsarbeidet. Ein stadig betre integrert bu- og arbeidsmarknad, der Granvin ligg midt i, har auka interessa for bustad- og tettstadutvikling.

– Granvin har ein stor ressurs i eit rikt lagsliv og ser potensiale for utvikling innafor turisme og kultur. Me har aktive ungdomar som deltek i utviklingsarbeid, og som får årlege pengeløyvingar dei ser gjev resultat, seier ordførar Ingebjørg Winjum. Etter at tunnell og bruer har endra trafikkmønsteret i kommunen, opnar det seg opp område som kan nyttast som tur- og attraksjonsområde.

Utfordringane

Kva skal til for å realisere ideane og mulegheitene som ligg i bygda?

– Me har mange krefter i lokalsamfunnet som er løysningsorienterte. Utfordringa kan vere at det raskt utviklar seg til ad hoc og tiltaksarbeid, og dermed står me i fare for å miste meir langsiktig og heilskapleg arbeid. Kommunen har mange dyktige medarbeidarar, men manglande kapasitet til å følgje opp utviklingsarbeid. Me har små fagmiljø, og er difor sårbare. I samband med tettstadutviklinga skal me utvikle det gamle stasjonsområdet, men eg saknar spesialkunnskap og erfaring med å styre og gjennomføre slike store utbyggingsprosjekt, seier planleggjar Ebbe Dam Meinild.

Løysingane

Han er oppteken av å identifisere kommunen sin viktigaste rolle – samordningsrolla. – Små kommunar må gjerne ta ei anna rolle enn større kommunar, som til dømes fungere som ein slags koordinator eller hjelpe til med sekretariatsfunksjonar seier Dam Meinlid vidare.

– Me må våge å ta nokre politiske val. Utfordringa for kommunen er ofte å gå vidare frå planstadiet til handling. Kanskje me kan få til eit samspel mellom kommune og næringsliv, der me tilset ein prosjektleiar for å få fart på planane?

Planleggjaren har fleire konkrete døme på at rydding av stiar har ført til utvikling. Det handlar om folkehelsearbeid i praksis og lokal samfunnsutvikling som resultat.

Distriktssenteret meiner

– Granvin tek no viktige grep om bustad- og tettstadutviklinga si, og det er naturleg at kommunen vel å fokusere på dette innanfor småkommuneprogrammet. Samstundes bør Granvin nytte desse utviklingsprosessane til å styrke samhandlinga med næringsliv, eldsjeler og lagslivet generelt. Å få til ei felles forståing av utviklingsretninga meiner me vil bidra til meir heilskap i tiltak og initiativ, seier Trude Risnes, rådgjevar ved Distriktssenteret.

Les statusvurderingen fra Granvin