Flå Veksthus

Med opninga av vegprosjektet Sokna – Ørgenvika i 2014 vil Hallingdal og Flå kunne koblast saman med større arbeidsmarknadar, som fører til at folk får større valfridom når det gjeld arbeid. Med eit slikt perspektiv skal Flå Veksthus etablerast.

Føremålet er å leggje til rette for kontorfellesskap eller «heimekontor» i eit felles veksthus.

Flå kommune er den minste kommunen i Buskerud. Kommunen har dei siste åra hatt ei positiv utvikling med vekst i folketalet, men det er framleis berre 1050 innbyggjarar. Befolkningsveksten dei siste åra har kome som følgje av nye arbeidsplasser innan handel og service.

Med pågåande og planlagde samferdselsprosjekt ser me at Hallingdal etter kvart kan koblast saman med større arbeidsmarknadar. Noko som gjer at folk får større valfridom når det gjeld arbeid. Kortare reisetid til sentralt austlandsområde vil kunne opne nye mogelegheiter. Køyretid Flå – Hønefoss; 45 min, Flå – Oslo; 90 min.

Med eit slikt perspektiv skal Flå Veksthus etablerast. Føremålet er å leggje til rette for kontorfellesskap eller «heimekontor» i eit felles veksthus som blir etablert på Flå.

Samarbeidspartnere

  • Flå kommune
  • Olav Thon – bygg
  • Lokalt/regionalt næringsliv
  • Regionrådet for Hallingdal
  • Buskerud fylkeskommune
  • Sparebank 1

Målgrupper

  • Dei som kunne tenke seg å bu i Hallingdal, men ikkje gjer det fordi jobben i byen er for god/spennande
  • Dei som har hytte i Hallingdal og kan tenke seg å jobbe nokre dagar i eit spennande kontormiljø på tvers av fag – på sikt kanskje flytte til Hallingdal
  • Ungdom

Aktiviteter

  1. Arbeide med innspel til byggherre på kva som skal til for å gjera Flå Veksthus optimalt til formålet (felles kantine/møteplassar, breiband, videokonferanseutstyr m.m.)
  2. Kartlegging av kven som arbeidar i Austlandsområde/Oslo, som er frå Hallingdal, og som kan tenke seg å flytte attende og bu i Hallingdal, dersom dei m.a kan sitja i eit arbeidsmiljø med nærleik til byen.
  3. Arbeide mot større firma i Austlandsområdet i forhold til mogelegheiter for å kunne etablere seg i eit slikt miljø
  4. Arbeide mot lokalt næringsliv i Hallingdal for å vurdere mogelegheitene for å kunne sitja i eit kontormiljø med nærleik til Oslo-området.
  5. Arbeide med HytteHallingen – mogelegheit for å leige kontor nokre dagar i veka i eit attraktivt miljø – eller kanskje ta skrittet fullt ut og flytte til Hallingdal.
  6. Arbeide mot ungdom som ikkje er flytta ut, men som kan tenke seg å jobbe fr Flå, eller koma tilbake til Hallingdal/Flå etter endt utdanning.
  7. Laga pakker med tilrettelegging i forhold til busted, barnehage mv.

Prosjektet Flå Veksthus er tildelt  inntil 1 500 000 kroner i Bolystmidler i 2013.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggende informasjon uten vurdering fra Distriktssenteret.

Eierskap, organisering og formell forankring

Eierskap og forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Forankring

Buskerud fylkeskommune har i sin regionale planstrategi for 2013 – 2016 slik visjon: «Et bærekraftig
og innovativt Buskerud som fremmer næringsutvikling og bolyst.»

Eit prioriterte område i planstrategi 2009 – 2012 var ein interkommunal plan for «Kommuner med
nedgang i folketallet». Dette blir no gjennomført som eit eit treårig prosjekt; «Velkommen til oss», der m.a. Flå kommune er med. Det er ikkje teke endeleg stilling til eventuell vidareføring av prosjektet etter 2013.

Regionrådet for Hallingdal (Hallingtinget) vedtok sin strategiske plan for perioden 2013 – 2016, hausten 2012. Hovudsatsinga er her bulyst/blilyst og rekruttering. I tillegg er utvikling av næringsklynger/veksthus prioriterte oppgåver.

I Regionrådet for Hallingdal sitt møte 22.2.2013 vart det gjort slikt vedtak: «Regionrådet for Hallingdal
støttar søknad frå Flå kommune om bulystmidlar 2013 «Flå kontoret», og ser det som ein god oppfølging av Hallingdal2020.»

I Flå kommune sin kommuneplan (samfunnsdelen) frå 2011 er det eit konkret mål at utflytta hallingar
skal ta med seg jobben frå Oslo-området og flytte attende til Flå. Hovudmålet i kommuneplanen er befolkningsvekst.

Prosjektet «Flå kontoret» vart handsama i Flå kommunestyre 22. februar 2013. Kommunestyret gav klarsignal for at det skal satsast på prosjekt.

Målformulering

Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Prosjektmål

I løpet av fyrste år av prosjektperioden skal Flå Veksthus vera etablert

I løpet av prosjektperioden skal 20 personar ha flytta attende til Hallingdal og tatt med seg jobben
til Flå Veksthus.

I løpet av prosjektperioden skal 10 personar i Hallingdal ha etablert seg i Flå Veksthus, for å få
linken mot Oslo-området

I løpet av prosjektperioden skal 10 kontor vera utleigd til HytteHallingar

I løpet av prosjektperioden skal Flå Veksthus vera godt kjent og innarbeida i Hallingdal – særleg når det gjel til ungdom og mogelegheita etter avslutta utdanning

I løpet av prosjektperioden skal Flå Veksthus vera eit etablert godt miljø på tvers av fag, på tvers av
kommune/næring.

Resultat og effekt

Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Resultat

  1. Få fleire busett i Flå og resten av Hallingdal
  2. Skapa eit kontormiljø med nettverk og fagmiljø (også på tvers av fag)
  3. Flytte kompetansearbeidsplassar til distriktet
  4. Kontormogelegheiter for HytteHallingen
  5. Utsiktsmogelegheiter for ungdom i Hallingdal i forhold til å kunne bu i regionen samtidig med å ha eit «spennande» yrke
  6. Mogelegheit for å få manglande kompetanse til Hallingdal – kompetanse som ikkje finnes i Hallingdal i dag.

Effekter

Utfordringar i forhold til befolkning, næringsliv og kompetanse heng nøye saman, og ved å løyse ein
av dei, blir føresetnadane for å løyse dei andre styrka. Tiltaket skal vera med å gje auka verdiskaping
og vekst både i innbyggjartal og i talet på arbeidsplassar.

Dei viktigaste momenta for at Flå Veksthus blir ein suksess er:

  • Realisering av bygget, er avklart
  • Reduksjon av reiseavstand til sentral austlandsområde, blir realisert sommar 2014
  • Lokalt/regionalt engasjement og forankring
  • Nasjonal politikk som byggjer opp om desentralisering av «kompetansearbeidsplassar»