Fagområde: Omdømme

Finnøy – dei lyse og levande øyane

Finnøy kommune i Rogaland deltek i lag med Rogland fylkeskommune i eit europeisk prosjekt. 12. januar starta dei året med å invitere alle kommunar i fylke, regionale utviklingsaktører og politikarar til seminar om «Levande bygder» og lokalt utviklingsarbeid.

Ferge som legg til kai på øya Judaberg. Foto.

Kommunesenteret Judaberg i Finnøy kommune i Rogaland.

Det europeiske prosjektet har Finnøy kalla «Levande bygder». Prosjektperioden er på fire år, og no halvvegs i prosjektet hadde dei lyst å dele informasjon og kunnskap med kommunar og regionale aktørar. 50 deltakarar tok turen til Finnøy i solskin og fekk servert nyplukka tomatar frå Norges største tomatkommune.

Helse og livskvalitet

Eit av prosjekta i Levande bygder er ”Helse og livskvalitet”. Dette handlar om å gje innbyggjarar råd og rettleiing til ein sunn livsstil og eit godt kosthold. ”Finnøy har slanka vekk over 1 tonn”, skriver media.

-Dette er ikkje fokuset vårt, seier prosjektleiar og sjukepleiar Oddny Kløvik. -Dette er ein av gevinstane ved å auke kompetansen på kosthold og inspirere til ein sunnare livsstil. På to år har til saman 120 innbyggjarar i Finnøy delteke på eit opplegg der dei får ein time personlig rådgjeving, og deretter blir deltakarane følgt opp i 12 veker over eit nettbasert oppfølgingssystem. Mange kommunar har teke kontakt med Finnøy for å lære meir om korleis dei har jobba med helse og livskvalitet. Prosjektet har eiga nettside på www.livsstil.finnoy.no (nede pr 07.02.2020 red anm).

Omdømmearbeid

Omdømmearbeid  er ein viktig del av prosjektet Levande bygder. Finnøy bruker verktøyet ”The process of Regional Marketing» som består av sju trinn, og der dei har teke steg for steg i utviklingsarbeidet. Prosjektleiar Heidi Skifjell har vore ein øyloffer i starten av prosjektet, der ho har reist rundt på øyane i Finnøy for å mobilisere og involvere innbyggjarar. Finnøy kommune har 16 øyar med fast busetting.

I prosjektet har dei hatt fokus på innbyggjarane sin beskrivelse av kvalitetar ved staden dei bur på. Vidare har dei hatt fokus på kva verdiar som er viktig for utvikling av lokalsamfunnet i Finnøy. Fagpersonar har vore invitert til å skrive konikkar om verdiar og utvikling av lokalsamfunn, som igjen  har skapt stort engasjement hjå innbyggjarane og sett prosjektet Levande bygder på dagsorden.

Ei arbeidsgruppe har jobba vidare med alle innspel frå innbyggjarar, og på seminaret kunne Heidi presentere primærordet for omdømmearbeidet vidare: ”Dei lyse og levande øyane”.  Omdømmearbeidet så langt skal no leggast fram for kommuneleiing og politikarane.

Fjellregionen

Flytthit-arbeidet i Fjellregionen som består av kommunane Røros, Tynset, Os, Tolga, Alvdal, Folldal og Rendalen, blei presentert ved Rune Jørgensen. Her kunne deltakarane hente gode tips på korleis dei hadde jobba med utvikling av sitt EU-prosjekt.

”Savner du noen?” var ein kampanje i 2008 der dei laga ei liste med 600 namn med tilknytning til fjellregionen, og som dei sende kort og ringte til: ”Noen savner deg i Fjellregionen. Vi ringer deg 11.november”.

-Kampanjen har gitt mange nye tilflyttarar til regionen, seier Rune entusiastisk. Han beskriver vidare tilflyttervertene som ”gull vert”. -Dette er ei førstelinjeteneste som er oppretta i alle kommunane, og tilflyttingsvertane gir rask og god informasjon til potensielle tilflyttere om arbeids- og bustadmarknad, offentlege tenester og kulturtilbod i regionen. Tilflyttarvertene er motiverte personar som vil at nye innbyggjarar skal trivast!

Omdømmefokus i Distriktssenteret

I Distriktssenteret sitt innlegg var bodskapen til deltakarane at eit godt omdømme er resultat av godt utviklingsarbeid. Men dette krev at kommunen er tydelig på kva dei ønskjer at lokalsamfunnet skal vere kjent for, og som igjen må stå tydelig i samfunnsdel av kommuneplanen. Birte Fossheim frå Distriktssenteret la vekt på at kommuneleiinga må ta rolla si som lokal utviklingsaktør på alvor.

-På heimesida til kommunen må det vere ein beskivelse av korleis de organiserer nærings- og utviklingsarbeidet. I mange kommunar er det nærings- og utviklingsselskap som jobbar med dette for kommunen. Dette er vel og bra, men det erstattar ikkje kommunen sitt ansvar som lokal samfunnsutviklar, seier Birte.
Finnøy fekk skryt av Distriktssenteret for sitt arbeid med å mobilisere og involvere innbyggjarar og lokale utviklingsaktørar i sitt arbeid med å definere dei gode kvalitetane i lokalsamfunnet og verdiar som er viktig for utvikling. – Det er no jobben med å bygge eit omdømme startar. Bruk ”dei lyse og levande øyane” som kraft i det vidare utviklingsarbeidet og opp mot lokale utviklingsaktørar. Om 5 år vil alle sei at: Ja, dette er Finnøy! avsluttar Birte med.

Trivsel er viktig

Dag Jørund Lønning er rektor ved einast skulen i Norge som utdannar bygdeutviklarar – Høgskulen for landbruk og bygdenæringar. Til våren er det første bachelorekullet ferdig, og klar til å innta kommunane som utviklingsagentar. Dag Jørun gav Finnøy gode tilbakemeldingar for at dei har sett trivsel så høgt i fokus. Dette kopla han igjen med viktige faktorar for utvikling som identitet og verdiar.

–Det finst mange der ute som står klar til å definere identiteten vår om vi ikkje gjere det sjølv. Om me let andre gjere det, blir det ikkje basert på våre verdiar, seier han. – Lokalsamfunna må difor vere sine eigne verdiskaparar!

På høgskulen for landbruk og bygdenæringar er dei oppteken av korleis mobilisere folk i vår tid. Ei utfordring er korleis klare å engasjere folk?

-Det handlar om å gje slepp på nokre sanningar, seier Dag Jørund. Mange trur dei veit kva som er realistisk for framtida til ein stad, og slepp på denne måte ikkje inn nye idear og tankar for utvikling. – Når eldsjeler brenn, kan det skje mykje god utvikling. Husk å gje dei ein klapp på skuldra av og til med tilbakemelding om at det dei gjere er viktig!

Læring frå seminaret

Distriktssenteret syntes Finnøy og Rogaland fylkeskommune på ein svært god måte fekk delt informasjon om EU-prosjektet ”Levande bygder”. Vidare fekk deltakarane påfyll med tema omkring lokalt utviklingsarbeid som gav engasjement og som dei gjerne ville delt meir erfaring omkring. Ordføraren på Finnøy, Gro Skartveit, tok til ordet for at distriktskommunane i Rogaland treng ein arena der ein kan møtast for å diskutere lokalt utviklingsarbeid. –I eit fylke som går så det suser innan olje og næringsliv, er det vanskelig å komme gjennom med våre distriktsutfordringar. Ho lova å ta initiativ til eit nytt seminar ved prosjektslutt om 2 år.

Eli Viten i Rogaland fylkeskommune, sa at det hadde kome mykje positivt ut av dette EU-prosjektet. Nye EU-midlar er tilgjengeleg i 2014, og ho oppfordra kommunane om å allereie no sjekke ut om dei har utviklingsprosjekt som kan vere relevant for ein EU-søknad.

Steder: