Bykle – klarar vi legge ei god ramme for framtidig hyttepolitikk?

I Bykle kommune diskuterer dei korleis fritidsbustader og reiselivsnæring kan bli meir miljøvennlege.

Utsikt over fjellanskap. To personar i forgrunnen. Foto.

Bykle kommune med utsyn over Hovden frå Hovdenuten.
Foto: Roar Wener Vangsnes. Distriktssenteret

Hyttedilemmaet

Det har vore ei betydeleg satsing på utbygging av fritidsbustader i Bykle. Det er blitt ein viktig næringsveg for private aktørar lokalt og eksternt, kombinert med den generelle reiselivssatsinga i kommunen. I Bykle sin arealdel ligg det inne område på 3 000 dekar som tomtereserve for videre utbygging av nye fritidsbustader.

Deltidsinnbyggaren er i fleirtal i kommunen gjennom hele året. Intervjua Distriktssenteret gjennomførte i Bykle, og innbyggarundersøkinga om berekraftig utvikling, viser at synspunkta om vidare hytteutbygging er sprikande.

Fleire meiner at satsing på fritidsbustader har vore viktig for Bykle, spesielt på Hovden. Det har gitt arbeidsplassar både i byggefasen, og i samband med til service, vedlikehalds- og oppgraderingsarbeid. Enkelte ønskjer seg fleire hytter, men vektlegg då at desse må byggast med lokal arbeidskraft, og at det bør utarbeidast ein overordna plan for hytteutbygging. Sjølve hytteutbygginga har gått raskt, og er i stor grad blitt utført av eksterne aktørar.

Andre ønskjer derimot at hytteutbygginga vert bremsa kraftig opp. Hytteutbygginga bidreg til å bygge ned areal og naturområde. Samstundes kom det tydeleg fram frå fleire på fokusgruppeintervjuet, at tempoet er for høgt. Utbygginga er ifølge enkelte basert for mykje på vekst og utvikling, og mindre på langsiktig tenking basert på naturen sine tolegrenser og framtidig berekraftig utvikling. Det vert stilt spørsmål om kommunen har ein tolegrense med tanke på tal hytter som skal byggast. Enkelte spør korleis utviklinga påverkar bustadprisane, og om det er klokt at kommunen «satsar alt på eitt kort».

På den andre sida bidreg kontorfellesskapet Co-worx på Hovden til at fleire deltidsinnbyggarar brukar meir tid i kommunen, og eit høgt tal hyttefolk bidreg til at innbyggarane har tilgang til eit breitt tenestetilbod sjølv om kommunen er liten i innbyggartal. Hytteutbygginga har vore med på å styrka tilboda på Hovden, til glede både for tilreisande og fastbuande. Her er det skianlegg, serveringsstader, badeland, eit stort antall butikkar og opplevingsbedrifter. Dette viser dilemmaet som Bykle står i, i lag med mange andre kommunar i liknande situasjon.

Meir miljøvennlege fritidsbustader og reiselivsnæring

I Bykle kommune diskuterer dei no korleis fritidsbustader og reiselivsnæring kan bli meir miljøvennleg. Dette gjeld m.a. gjennom nye reguleringsplanar med spesifikke retningsliner som omhandlar tilrettelegging for mindre transportutslepp, å bygge mindre einingar, mindre infrastruktur, meir klimavennlege materialval og utnytting av solenergi.

– Det blir viktig å legge opp til framtidsretta strategi for den vidare utviklinga av ferie- og fritidstidsbustader i kommunen, seier plansjef Signe Sollien Haugå i Bykle. – Vi er i startgropa på arbeidet med ein ny samfunnsdel, der vi legg opp til eit sterkt eigarskap frå dei folkevalde. Ein framtidig hyttepolitisk strategi som konkretiserer berekraftig hyttebygging i Bykle bør ha eit sterkt fokus i planen, sidan den involverer særs mange innbyggarar i kommunen. Her har vi eit godt grunnlag frå Innbyggarundersøkinga i berekraftsrapporten frå Distriktssenteret, seier Haugå.

I Bykle blir det framover viktig med god dialog med utbyggar og næringsliv om korleis kundar kan og bør kjøpe framtidas miljøvenlege fritidsbustader.

Ei anna utfordring er korleis få til meir miljøvennlege transportløysingar til og frå fritidstidsbustadene. Her blir det nødvendig å hente inn ekstern kunnskap om korleis gjere turisme og hyttebygging meir miljøvennleg, og framleis halde oppe attraktiviteten basert på dei ulike berekraftsmåla.

Steder: