Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta

Korleis kan distriktskommunar utvikle aldersvennlege bustader i aldersvennlege bumiljø? Det skal det 3-årige prosjektet Aldersvenlege bustader og bumiljø i distrikta finne svaret på. Distriktssenteret, Husbanken og 11 kommunar deltek.

Bilde av landsby-tun. Foto.

Med landsbytunet Åkle har Iveland kommune lagt godt til rette for aldersvennlege bustader og bumiljø. Foto: Iveland Eiendomsutvikling.

Mål for prosjektet

Målet for prosjektet (2020-2022) er å styrke kunnskapen om aldersvennleg bustadutvikling, og prøve ut korleis distriktskommunar kan legge til rette for å utvikle tilbodet, både av eksisterande og nye bustader, i aldersvennlege bumiljø. Arbeidet skal identifisere flaskehalsar og gje råd om korleis kommunar kan kople eldrepolitikken til overordna samfunnsplanlegging, stadutvikling og folkehelsearbeid.

Det er eit mål å utvikle metodar og få fram virkemidlar og verktøy, bla. betre samfunns- og arealplanar og konkrete tiltak, særleg prosjekt som ivaretek sosiale buformer. I arbeidet skal det også gjerast vurderingar av eksisterande virkemidlar og forslag til nye. Slik skal nettverksprosjektet gje grunnlag for fleire aldersvennlege bustader og bumiljø.

Bakgrunn for prosjektet

Talet eldre vil auke sterkt i åra fram mot 2030, særleg i mindre distriktskommunar. Samstundes veit vi at bustader og bumiljø i distrikta generelt er lite aldersvennlege. Folk bur som regel i mindre tilgjengelege, ofte spreiddbygde einebustader. Utbetring av eksisterande bustader og bygging av nye, tilgjengelege bustader vil gjere det mogeleg for fleire å bu heime i eigen bustad, så lenge som mogeleg. Det er i tråd med folk sine ønske, og det vil gje auka livskvalitet. For kommunane vil det kunne gje betre utnytting av helse- og omsorgstilbodet.

Men investering og nybygging i distrikta er utfordrande, med høgare risiko rundt finansiering og prisfall. Medan byggekostnaden er nokonlunde lik over heile landet, kan ikkje salsverdien av bruktbustader i distrikta måle seg med prisen ved nybygg. Det hemmer nødvendig sirkulasjon og bustadbyte for folk med endra behov.

Desse kommunane deltek

Prosjektet rettar seg mot kommunar med små og lite fungerande bustadmarknader, men har overføringsverdi også til andre kommunar.

Arbeidsgruppa består av

  • Birger Jensen, prosjektleiar Husbanken
  • Torstein Syvertsen, Husbanken
  • Sigbjørn Spurkeland, Husbanken
  • Lillian Hatling, Distriktssenteret
  • Trude Risnes, Distriktssenteret

Les meir om prosjektet hos Husbanken.