Fagområde: Stedsutvikling

Små samfunn tar sats

Denne rapporten oppsummerer følgjeevalueringa av den nasjonale Småsamfunnssatsinga til Kommunal- og regionaldepartementet.

På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet har Norsk senter for bygdeforskning følgjeevaluert Småsamfunnssatsinga, eit nasjonalt kompetanse- og utviklingsprogram som verka i perioden 2006-2010. Bygdeforsking har følgd aktivitetar i satsinga, kartlagt og analysert kva som hemmer og/eller fremmer lokalt utviklingsarbeid og gjort ei analyse av sjølve satsinga. Analysa bygger på statistikk, dybdestudiar av 11 utvalgte pilotar, intervju med ansvarlege personar i fylkeskommunar og KRD, dokumentstudiar og deltaking på seminar og konferansar.

Styrke småsamfunn

I perioden 2006-2010 er det gjennom satsinga gitt støtte til rundt 50 lokale og regionale prosjekt og satsingar. Føremålet er å styrke lokal utviklingskompetanse, gjennomføre tiltak som fremjer bu- og næringslyst og få fram modellar med læringsverdi for anna utviklingsarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt.

Småsamfunnssatsing virkar

Ein hovudkonklusjon frå følgjeevalueringa er at satsinga virkar. Bygdeforsking viser til at slike satsingar fører til stor grad av mobilisering og engasjement for lokalt utviklingsarbeid, og supplerer og tilfører samfunna noko anna enn ordinære støtteordningar og forvaltningsapparat gjer. I tillegg bidreg satsinga til auka motivasjon for å drive lokalt utviklingsarbeid og til å synleggjere det lokale arbeidet som blir gjort.

Nye steg framover

Samstundes peikar Bygdeforsking på fleire område som bør styrkast i eventuelle nye satsingar og som andre utviklingsprosjekt bør ta lærdom av. Særleg gjeld dette korleis prosjekta blir «tekne hand om» lokalt. Følgjeevalueringa sler fast at lokale utviklingsprosjekt også i denne satsinga har utfordringar med svak forankring, mangel på forpliktande avtalar mellom aktørar, stor frivillig innsats, prosjektleiareinsemd, manglande læringsoverføring og usikkerheit rundt vidareføring av arbeidet.

Bygdeforsking gjev departementet råd om at det i evt. seinare satsingar blir lagt vekt på å inngå avtalar og klare ansvarsforhold mellom deltakande partar. I dette ligg blant anna å gjennomføre målretta samlingar med forpliktande deltaking. Bygdeforsking etterlyser også bevisstheit rundt og strategiar i forhold til ei differensiert prosjektportefølgje, krav til støttande organisering rundt prosjektleiar, innføring av mentorordning og partnarskap mellom sektorar i offentleg forvaltning, oppretting av ressursbank for eldsjeler, tydleggjering og styrking av KRD si rolle i forhold til småsamfunn, og ein rettleiar i lokal samfunnsutvikling.