Fagområde: Omdømme Omstilling

Rapport om omdømmebygging i omstillingskommunar

Eit godt omdømme er viktig for ein kommune for å vere attraktiv som bu og arbeidsstad. Det styrker næringslivet sin konkurransekraft, og er med på å gje innbyggjarane ein positiv identitet til staden dei bur på. Men er det spesielt viktig for ein kommune med ”omstillingsstatus” å jobbe med omdømmebygging? Og kva skal til for å lukkast?

Rapporten peikar på at omstillingskommunar ofte slit med eit dårleg omdømme. ”Det være seg hos lokalbefolkningen, det lokale/regionale næringslivet eller samfunnet forøvrig. Ofte som et resultat av nedleggelse/nedbemanning ved hjørnesteinsbedrifter eller bransjemessige struktrurendringer som begge innebærer et betydelig tap av arbeidsplasser både på kort og lang sikt.”

Så med ei erkjenning om at der er ein strekt samanheng mellom konkurranseevne og omdømme, legg rapporten vekt på ei bevisst satsing på omdømme for omstillingskommunar.

Rapporten tek utgangspunkt i 5 kommunar og 2 regionar som har jobba med omdømme. Utan at rapporten går i detalj på kva desse har gjort, får du presentert nokre føresetnadar for kva som er viktig når ein skal jobbe med omdømmearbeid i ein kommune/region. I oppsummeringa peikar rapporten på følgjande:

  • Bruk tid i starten med eigne krefter, og finn ut kva ein vil oppnå med prosjektet utifrå lokale forhold.
  • Omdømmeprosjektet må vere godt forankra i politisk/administrativ leiing i kommunen
  • Omdømmearbeid er langsiktig arbeid
  • Det er viktig å kjenne/finne identiteten til ein kommune og forsterke dei positive sidene.
  • Omdømmearbeidet må koordinerast og implementerast i kommunen sine planar.

Rapporten kan vere til inspirasjon og motivasjon for andre kommunar som ønskjer å setje fokus på omdømmearbeid.

Rauma var ein av dei kommunane som er presentert i rapporten. Dei har gjort mykje godt arbeid i forhold til omdømme. Sjå ein artikkel der dagleg leiar i Nordveggen as – Arnt Øyvind Siem – fortel om korleis dei har jobba med omdømmearbeidet i Rauma. Rauma er også eit godt døme på korleis ein kan implementere omdømmearbeidet inn i kommunen sine planar. Sjå kommuneplanen på nettsida til Rauma kommune.