Fagområde: Omdømme

Identitet og omdømmebygging

Doktoravhandlinga «Den kollektive stads-identiteten i den personlege merkevarebygginga si tid» tek for seg korleis eit lokalsamfunn kan jobbe med å finne og formidle ein visuell stadidentitet. Gjennom eit treårig stipendprosjekt er det utvikla nye metodar for å involvere innbyggjarane i arbeidet og gjere dei til meir bevisste og betre ambassadørar.

Linda Lien, førsteamanuensis frå Kunsthøgskulen i Bergen, har skrive doktoravhandling om ”Den kollektive stadsidentiteten i den personlige merkevarebygginga si tid”.  I arbeidet har Lien samarbeida med kommunen Kvam i Hardanger. Her er det prøvd ut ulike måtar å involvera innbyggjarane i arbeidet med å finne og formidle stadidentiteten. Eit viktig mål med prosjektet har vore å gjere innbyggjarane til meir aktive omdømmebyggjarar for heimstaden, ved å la dei sjølve velje ut kvalitetane dei ønskjer å vise fram og fortelje om. Ho stiller samstundes eit viktig  spørsmål til kven som har rett å definere ein stad sin identitet? I avhandlinga peikar ho på at folk si lojalitetskjensle knyter seg til ei bygd og ikkje kommunen, og argumenterer for at ein stad ikkje har ein identitet men mange. Ein stad står heller ikkje stille, og på same vis må den visuelle identiteten vere dynamisk og ha rom for nytt innhald.

Lien meiner at det er verdifullt for stader å jobbe med identiteten sin, og bevisstgjere innbyggjarane om staden sine kvalitetar. Det er all grunn til at norske kommunar må bli meir bevisste sin eigen identitet og korleis dei forvaltar denne, ikkje for å ”selje” staden, men for å kunne drive ei målretta stadutvikling og skape auka stoltheit og trivsel blant innbyggjarane.

Gjennom prosjektet i Kvam er det etabler ei nettside www.visuellidentitet.no, der erfaringane er lett tilgjengeleg for andre som finn dette utviklingsarbeidet interessant.

Distriktssenteret ser på avhandlinga til Lien som nyttig kunnskap knytt til omdømmearbeid i eit lokalsamfunn. I dette arbeidet må ein kunne sei noko om: ”Kven er vi og kven vil vi vere?” , og her er det mange nyttige innspel å hente frå avhandlinga til Lien.