Fagområde: Tilflytting

Hjemme i nord : en analyse av stedsopplevelser med utgangspunkt i kvinnelige og mannlige innflytteres fortellinger om hverdagsliv i Havøysund og Vadsø, Finnmark

Mange kvinner opplever at dei får fleire mulegheiter når dei flyttar til Finnmark. Det viser eit fersk doktorgradsarbeid frå sosialantropolog og stipendiat Mai Camilla Munkejord.

Doktorgradsavhandlinga «Hjemme i nord»  viser blant anna korleis gjennomsiktige og kompakte kyststader har kort veg til makt og innverknad. Mange innflyttarkvinner opplever difor at dette gjev fleire mulegheiter på arbeidsmarknaden, i politikken og i lokalsamfunnet generelt.

«Birgitta» er ei av kvinnene som fortel si kvardagshistorie frå Vadsø, etter valget om å flytte tilbake. «For min del, så tror jeg aldri at jeg hadde gått så tidlig ut og starta min egen bedrift dersom jeg hadde bodd i Oslo. Hadde ikke turt. For det er så mye lettere å bli synlig her. Det er så mye lettere å få oppdrag» (Birgitta).

«Forskning og media har lenge fokusert på utflytting, men det er mange som også vel å flytte mot straumen», seier Mai Camilla Munkejord til Kilden – informasjonssenter for kvinneforsking. Ho håpar at avhandlinga kan bidra til å bryte ned nokre førestillingar om nordområda som bu og arbeidsområde og til meir varisajon i valg av stad og tematikk innanfor distriktsforskinga.

Les meir om avhandlinga «Hjemme i nord» hjå Kilden – informasjonssenter for kvinneforsking.