Fagområde: Bolig og bomiljø

Eksempelsamling – Korleis skaffe rimelege bustader?

Ei eksempelsamling som presenterer korleis kommunar i Rogaland og Hordaland har arbeidd aktivt og på ulike måtar med å framskaffe rimelege og gode bustader.

Høge bustadprisar, ein uroleg, usikker eller stagnerande bustadmarknad: det er fleire utfordringar knytt til målsettinga om at alle skal kunne bu trygt og godt, og at flest mogeleg skal kunne eige sin eigen bustad. Eksempelsamlinga frå Husbanken Region Vest presenterer ulike bustadbyggingsprosjekt der kommunar i Rogaland og Hordaland har klart å framskaffe rimelege og robuste bustader til ulike grupper buande, med hjelp av statlege verkemidddel og ein aktiv lokal bustadpolitikk.