Kontorlokale i Sogndal  

Distriktssenteret søkjer tilbod på kontorlokale i Sogndal kommune frå 1.7.2021. 

Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) er ei statleg verksemd som skal ivareta nasjonale oppgåver i distrikts- og regionalpolitikken. Senteret har tre avdelingar, plassert i Sandnessjøen, Sogndal og Steinkjer. 

Distriktssenteret søkjer tilbod på kontorlokale i Sogndal kommune frå 1.7.2021. 

Vi treng lokale som har rom for 11 arbeidsplassar, og eit møterom med plass til minst 11 personar som er egna for videomøte. Lokala må ha moderne og nøktern standard som legg til rette for samarbeid og arbeidsglede. Dei må ha godt inneklima med gode lys- og akustikkforhold. Lokala må ha effektiv arealutnytting og god fleksibilitet, og vere i gangavstand til kollektivtransport. Avstand til flyplass blir vektlagd. Vi treng tilgang til spiserom/kantine, garderobe, toalett og lager/teknisk rom for printer og rekvisitaLokala skal være universelt utforma. 

Distriktssenteret vil ta kontakt for synfaring av aktuelle lokale før forhandlingar med dei som etter vurdering er mest aktuelle. Leigetida er anslått til 10 år. 

Tilbod med teikningar, spesifikasjonar og informasjon om leigepris og liknande skal sendast til [email protected] innan 27.08.2020 

Spørsmål kan rettast til Distriktssenteret v/avdelingsleiar Steinar Fredheim tlf. 481 68 274 eller kontorsjef Tove Damås tlf. 481 68 272