Fagområde: Tilflytting

Vil få ungdomar til å sette sjøbein

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

– Vi er opptekne av å auke kunnskapen ungdomar har om fiskeri- og havbruksnæringa, og å gjere utdanning og arbeid innafor marin sektor meir attraktiv. Havet er så tilgjengeleg, men blir for lite brukt, seier dei to prosjektleiarane i rekrutterings- og kompetanseprosjektet Sett Sjøbein.

Elisabeth Aasum og Astrid Haugslett i prosjektet Sett Sjøbein, har kontorplass ved PIR-senteret i Trondheim, men er opptekne av at bodskapen skal nå ut til folk over heile landet.

Paradoks at havet blir så lite brukt

– Små barn bør lære å sette pris på naturen. Det er eit paradoks at havet som er så tilgjengeleg, blir så lite brukt, seier Haugslett. Ho har arbeidd med naturvitskap som programleiar i naturprogrammet ”Ugler i mosen” i NRK.

Slit med rekruttering

– Vi slit med rekruttering til dei marine faga. Det er viktig å fange inn andre enn dei som i utgangspunktet er spesielt interessert, seier Aasum. Ho er utdanna fiskehelsebiolog, og har i fleire år arbeidd med fiskefôr. – Det er ei god næring med spennande utfordringar, legg ho til. Dei tek sikte på at nettstaden dei byggjer opp skal bli ein samlande paraply for marin sektor og innehalde all informasjon ein treng uansett på kva nivå ein skal ta utdanning innfor næringa. Det skal vere ei nettside for studentar, elevar, rådgivarar og lærarar på skulane, foreldra til ungdomane, styresmakter, fylkeskommunar og andre.

Breitt samarbeid med nasjonalt mål

– Fiskeri- og havbruksnæringa er næringa med mange mulegheiter, sa fiskeri- og kystminister Helga Pedersen då ho tidlegare i vår lanserte Sett Sjøbein.

Det treårige prosjektet er eit breitt samarbeid mellom Fiskeri- og kystdepartementet, representantar frå næringa og utdanningsinstitusjonar. Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) administrerer prosjektet.

Syne mulegheitene i kyst-Noreg

For at folk skal finne arbeidslyst og bulyst i kyst – Noreg er det viktig å ha arbeidsplassar som er attraktive for ungdom. Like viktig er det å gjere ungdom merksam på at marin sektor er meir enn fiskebåt og fôring av laks. Ved å vere eit nasjonalt prosjekt blir breidda og mulegheitene for ei karriere innafor marin sektor gjort meir synleg – også for dei utan bakgrunn frå kyst – Noreg.

Frå fragmentert fortid til felles forum

– Det er eit stort framsteg at det er ei nasjonal satsing, med éin profil og felles satsing for å få fram informasjon frå og om næringa. Det har vi mangla i alle år. Satsinga skal bli eit nav for å formidle suksesshistorier i næringa, og få større forståing for kvifor ungdom vel som dei gjer. Vi kan bli flinkare til å innlemme høgare utdanning, men vi er heilt i startgropa. Målet er mellom anna å få folk til å tenkje ope og breiare omkring bruk av havrommet, seier spesialrådgivar for marin utvikling i Sør-Trøndelag fylkeskommune, Sigurd Bjørgo. Han representerer fylkeskommunane i styringsgruppa.

Stikkord: