Unge formidlarar i Hyllestad

Besøker du Kvernsteinsparken i Hyllestad, møter du stolte ungdomar som fortel deg om kulturhistorie frå eige lokalsamfunn.

Kvernsteinsparken er tusenårsstaden i Hyllestad kommune. Parken vart offisielt opna i juni 2002. Her kan du lære om den omfattande og særeigne kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad, som går attende til ca år 700 e.Kr.

I nasjonal samanheng deltek Hyllestad i eit kvernsteinsnettverk i lag med Brønnøy, Saltdal, Selbu og Vågå. Kommunane har delteke i KS sitt program for ”Livskraftige kommuner”. Saman jobbar dei for å gi lokale og tilreisande kunnskap om kvernstein som kulturarv, og få innsikt i korleis dette kan bidra til berekraftig samfunnsutvikling. Då KS-programmet vart avslutta ved utgangen av 2010, vart kommunane samde om å føre samarbeidet vidare.

Skulering av 8. klassingar

Gjennom fleire år har Hyllestad skule gjennomført eit undervisningsopplegg i Kvernsteinsparken. Opplegget er eit samarbeid mellom Hyllestad skule og Norsk Kvernsteinsenter. Elevar i 8. klasse oppheld seg fysisk i Kvernsteinsparken ein halv skuledag i veka gjennom heile skuleåret. Her får dei opplæring i lokal kvernsteinshistorie. Etter kvart får dei høve til å spesialisere seg på ulike felt som til dømes guiding, arbeid i smia, matlaging, hogging av kvernstein og eit utval handverksteknikkar som passar til tidsepoken.

Pedagogikken i formidlingsopplegget baserer seg på å ”lære ved å gjere”. Elevane går kledd i vikingdrakter, og kopierer handlingar og gjeremål slik ein trur det vart gjort for 1000 år sidan. Det er Torbjørn Løland i Hyllestad som er fagmannen bak formidlingsprosjektet, og som gjennom mange år har studert og dokumentert handverkstradisjonar knytt til kvernsteinshistoria.

Turistvertar om sommaren

Om sommaren er Kvernsteinsparken open med tilsette omvisarar. Sist sommar var bemanninga to elevar frå vidaregåande skule, som tidlegare har delteke på formidlingsopplegget i ungdomsskulen. I tillegg hadde dei med seg ein elev som gjekk ut frå 8. klasse om våren. Kvar laurdag har det i tillegg vore fem elevar som skaper ekstra aktivitetar og miljø med hogging, arbeid i smia, tjørebrenning og matlaging. På denne måten fekk ein sysselsett mange av fjorårets åttandeklassingar med sommarjobb i Kvernsteinsparken.

Kommunen sine gode hjelparar

– Når du møter ungdomane i parken på formidlingsoppdrag, er dei faste i blikket, rak i ryggen og i stolte i røysta, seier dagleg leiar i Norsk Kvernsteinsenter, Astrid Waage. – Tenk kva det betyr at ungdom kjenner seg verdsett , og som ein viktig del av lokalmiljøet! Ho rosar samarbeidet med kommunen og skulen om involvering av elevar i Kvernsteinsparken.

Hyllestad har siste året sett fokus på å styrke omdømmet til kommunen. Dei ser ei kopling mellom formidlingsprosjektet i skulen og omdømmearbeidet til kommunen. Gjennom prosjektet byggjer dei lokal identitet og stoltheit for eige lokalsamfunn hjå dei som veks opp i Hyllestad.

Viktig for reiselivet i Hyllestad og heile regionen

Kvernsteinsbrota i Hyllestad er nominert til UNESCOs verdsarvliste i ein serienominasjon om ”Arven frå vikingtida”. Ei av utfordringane framover, vil vera å etablere eit permanent og godt informasjons- og formidlingsopplegg . Dette arbeidet er no i gang, og koplinga til unge formidlarar er både spennande og framtidsretta. Kommunen ser at opplevingar og produkt ein legg opp til overfor turistane, er med på å byggje omdømmet innanfrå og ut mot omverda med stolte unge formidlarar i spissen.

Til inspirasjon for andre

Distriktssenteret kan vise til fleire utviklingsprosjekt som har fokus på at det er viktig at dei unge føler tilhøyrigheit, identitet og stoltheit over heimstaden sin. Dette vil gjere dei til gode ambassadørar for heimkommunen. Uansett om dei sjølv vel å flytte tilbake eller om dei snakkar fint om staden, vil dette ha positiv effekt for omdømmet til kommunen. Vidare vil Distriktssenteret rose Hyllestad kommune for å sjå utviklingsarbeidet i ein heilskapleg samanheng. Dei unge formidlarane i Kvernsteinsparken er ein viktig del av omdømmearbeidet til kommunen, og ikkje minst i høve til reiselivssatsinga.

Distriktssenteret vil slik sett trekke fram formidlingsprosjektet i Hyllestad som eit godt eksempel på korleis ein kan involvere ungdom og gjere dei stolte over staden dei veks opp på.