Rettleiarpilot for ny samfunnsplan

Kan vi tenkja nytt om måten vi utviklar samfunnsplanen? Sør-Aurdal kommune ynskjer å gjere nett det – i tett samarbeid med Distriktssenteret og fylkeskommunen.

Kommunestyret i Sør-Aurdal sit i ein gamal gymsal i Bagn. Politikarane sit på kvart sitt bord halvannan meter frå kvarandre. Dei har site med budsjettsaker i fem-seks timar, og som so mange andre småkommunar har det handla om kvar dei skal kutte. I dag har diskusjonen mellom anna handla om noko som både råkar og engasjerer alle: Skulane i grendene.

Og etter ein slik tung dag skulle Distriktssenteret og fylkeskommunen saman med kommunestyret halde ein tre timar langt verkstad. Det skulle trass alt syne seg å bli eit friskt avbrekk frå vanleg saksbehandling, debatt og votering.

Sør-Aurdal kommunestyre i gang med verkstaden.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Rettleiarpiloten

Sør-Aurdal er som ein av 14 kommunar med på ein rettleiarpilot det neste året. Saman med fylkeskommunen og Distriktssenteret skal dei utvikle skreddarsydde verktøy for lokal samfunnsutvikling.

Dei 14 kommunane har ulikt fokus, og her lengst sør i Valdres har dei valt sentrumsutvikling i kommunesenteret Bagn.

No var det ikkje slik at Distriktssenteret og fylkeskommunen kom inn døra med ferdige planar og tilrådingar under armen og skulle presentere desse for politikarane. Målet med pilotprosjektet er å kome med eit eksternt blikk og bidra med prosessplanar og andre verktøy.

– Det er de som skal sitje i førarsetet for dette prosjektet, seier Roar Werner Vangsnes frå Distriktssenteret til forsamlinga.

Desse 14 kommunane deltek i rettleiarpiloten

Kommunar i Innlandet

  • Sør-Aurdal
  • Grue
  • Engerdal
  • Rendalen

Kommunar i Møre og Romsdal

  • Aure
  • Tingvoll
  • Sande
  • Fjord

Kommunar i Troms og Finnmark

  • Loppa
  • Vardø
  • Karasjok
  • Salangen
  • Kåfjord
  • Storfjord

Bagn er kommunesenteret i Sør-Aurdal og har i overkant av 600 innbyggarar. E16, hovufartsåra mellom frå Oslo til Valdres og Beitostølen går rett utanfor sentrum.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

«Anna, 29 år, singel og tilflyttar»

Kontaktinformasjon

Bente Lindahl
Planleggar, Sør-Aurdal kommune
[email protected]
+47 61 34 85 38

Politikarane vart plasserte i grupper på 3 og på kvart bord sat ein ordstyrar frå administrasjonen. Dei var ansvarlege for å notere det gruppene diskuterte, samt å halde diskusjonen til temaet. Og temaet var framtida for Bagn – korleis ser tettstaden ut ti år fram i tid? Kva trekk folk hit? Kvifor er det ein attraktiv og god plass å bu?

For å få politikarane til å svare godt på dette, måtte dei stille seg i ulike innbyggjarar sin stad. Her vart personas eit godt verktøy. Personas er fiktive personar som skal representere ein typisk person som kommunen har lyst til å kommunisere med.

Personas for Sør-Aurdal kommune

Alfred, 78 år og enkemann
Han har budd heile livet i kommunen og har nyleg flytta inn i ein av dei prisløna fleksible og moderne leiligheitene i Bagn sentrum.
Kvifor fekk dette spanande klyngetunet ein pris for innovasjon og berekraftige løysingar og kvifor er det attraktivt for Alfred å leve der?

Petter, 17 år og skuleelev
Han går på vidaregåande skule på Fagernes. Han bur i Hedalen, har 3 søsken og foreldre som jobbar i både Sør-Aurdal og Nord-Aurdal. Petter er aktivt med i ungdomslaget og ein av representantane i ungdomsrådet i kommunen. Petter kjem seg lett og greitt til møter og aktivitetar i Bagn og regionen.
Kva gjer at Petter er stolt av mobiliteten, tettstaden og regionen?

Terje og Nina, 60 og 55 år
Paret er deltidsinnbyggarar frå Lillestrøm og har investert i feriehus i kommunen. Dei nyttar hytta fleire gongar i månaden og ofte i ovale helger utanom normal ferietid.
Kvifor er Bagn eit attraktivt sentrum for deltidsinnbyggarar og besøkande?

Les mer om hvordan du kan lage dine egne personas.

Gjennom 6 ulike dømer som dette famna gruppene både dei unge, dei veletablerte, dei eldre og hyttefolket sin situasjon. Dei måtte også tenkje på både dei som bur i sentrum og i grendene – kommunesenteret skal jo utviklast for alle. I tillegg har fleire av personasane informasjon som legg opp til diskusjon av spesifikke stadutviklingar som bustadområder, kollektiv transport og berekraft.

Ordstyraren sørga for at politikarane heldt seg til temaet, ettersom alt måtte skje etter eit tidsskjema.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Å ikkje late bordet fange ordet

Kontaktinformasjon

Ragnhild Godal
Rådgjevar, Distriktssenteret
Fylkeskontakt for Innlandet
[email protected]
+47 918 06 446

I alle grupper er det nokon som er både raskare og meir villige til å leggje fram si meining med det same, høgt og sjølvsikkert. Dette er like sant for eit kommunestyre som for gjengen i skulegarden og på fotballbana. Dei som er kjappast og mest høglydte kan komme til å styre diskusjonen – bordet fangar ordet.

IGP-metoden forsøkjer å takle nettopp det. Med den vert alle inviterte til å delta aktivt med sine eigne syn på saka.

– Vi måtte tenkje og komme med noko sjølv, ikkje berre hive oss med og vere einige, sa ordførar Marit Hougsrud om den måten å jobbe på.

I – individuell refleksjon

Alle deltakarane skal i eit par minutt notere sine eigne meiningar og refleksjonar om saka som ligg på bordet.

G – gruppeframlegg

Ordstyrar ber deltakarane kring bordet komme med eitt og eitt forslag dei har notert seg. Ordstyraren noterer dette ned, og sørgar for at ein ikkje bruker for mykje tid før ein går vidare. Etter forslaga er lagt fram, kan gruppa drøfte sentrale synspunkt eller ei prioritert rekkefølgje av framlegg.

P – plenumsframlegg

Etter tida er omme, reiser kvar av ordstyrarane seg etter tur og legg fram gruppa sine synspunkt. Dette vert samla av møteleiar og teke med vidare.

Les mer om IGP-metoden

– Det er veldig viktig å få med alle i diskusjonen, som ein av ordstyrarane sa etter møtet.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Å snakke om resultatet, ikkje vegen

Alle i eit kommunestyre vil det beste for lokalsamfunnet sitt. Dei fleste vil nok setje namnet sitt under ønsket om gode kommunale tenester, gode buforhold, gode skular, arbiedsplassar og eit auka folketal. Men små kommunar har stadig mindre å rutte med, so dei må prioritere.

I staden for å snakke om eit mål, snakkar ein i dette prosjektet om ønska resultat. Det dempar freistinga til å snakke om høgthengande og ambisiøse prosjekt, noko ein skal jobbe mot, men ikkje nødvendigvis faktisk oppnå.

Gjennom å snakke om ønska resultat av eit prosjekt eller ein prosess, brukar ein eit språk som går ut i frå at ein allereie har oppnådd det ein ynskjer. Meininga med ordbruken er å gjere det ein jobbar for meir handfast og realistisk.

– Kommunestyret er eigentleg einige om kvar vi vil, vi er berre litt ueinige om vegen dit, sa ordføraren under oppsummeringa etter verkstaden.

Sentrumsplanlegging ti år fram i tid gjev rom for å drøyme litt.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Diskusjonar som kva bygg som skal pussast opp først eller kva skule som må leggast ned kan bli ein klamp om foten og stogge deg frå å tenke lengre fram. Eit prosjekt som dette kan i alle fall gje ein pause frå kronesnuinga og late deg drøyme litt, som ein av deltakarane sa.

– Det er jo lett å tenke stort. Vi kan alle bli einige om dei store måla, men vi må vere konkrete og lande litt på spesifikke områder, seier kommunestyrerepresentant Gunnar Heiene.

– Uansett var det godt å komme litt ut av komfortsona.

No var det utvikling av kommunesenteret Bagn Sør-Aurdal kommune hadde vald å fokusere på i prosjektet.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Ungdommen si stemme

Kontaktinformasjon

Tove Krattebøl
Rådgjevar, Kommunal rettleiing og plan
Innlandet fylkeskommune
[email protected]
+47 948 10 384
+47 62 54 44 58

Ti år er langt fram i tid. Mange av dei som skal bu i Bagn og bruke tenestene politikarane diskuterer, er ikkje representerte i kommunestyresalen – nemle ungdommen. Dei må jo få ha ein finger med i utviklinga av sin eigen heimstad.

I kantina til den nye idrettshallen samla 20 ungdommar seg på kvelden for å få komme med sine innspel til planprosessen. Eit par av dei var frå Ungdomsrådet i kommunen, men dei fleste var ikkje det. Dei hadde eit litt likt program som kommunestyret tidlegare på dagen, men vart ikkje tvungne til å jobbe i 3 heile timar.

– Det var slik ein herleg og ivrig gjeng, seier Tove Krattebøl hjå fylkeskommunen, som leia møtet med ungdommen.

– Då dei skulle snakke om kva dei likte med Bagn kom den nye hallen opp med ein gong. Det var so tydeleg at dei sette pris på den.

Men med auga retta mot framtida, væpna med store kart over sentrum, tusjar og kreativitet sprang dei til verket med å forme bygda si.

Det som gjekk att var at ungdommane var opptekne av aktivitetar – ynskjet om å etablere ein motorklubb, ei volleyballbane, ungdomsklubbhus, utbetring av sykkelbana – heilt konkrete ting.

– Dei ynskja også ting og aktivitetar som ikkje kravde pengar eller store idrettsprestasjonar, seier Krattebøl.

Tove Krattebøl understrekar at det ungdommane kjem med er minst like viktig som politikarane sine meiningar då Bagn skal utviklast.
Foto: Roar Werner Vangsnes

Referat frå det ungdommane diskuterte vart samla inn og vert presentert for kommunestyret ved eit seinare høve.

Forankring – å bruke momentet

Kontaktinformasjon

Ragnhild Godal
Rådgjevar, Distriktssenteret
Fylkeskontakt for Innlandet
[email protected]
+47 918 06 446

Roar Werner Vangsnes
Rådgjevar, Distriktssenteret
Fylkeskontakt for Agder
[email protected]
+47 481 68 289

– Ein må ikkje sleppe taket i det vi har diskutert i dag. Dette var ikkje berre ein happening, seier Vangsnes til kommunestyret før dagens lange møte vert heva.

– De må vere dynamiske, men halde fast ved det de har blitt einige om, seier Godal.

For å faktisk få noko ut av alle plakatane med idear, referat frå diskusjonar og kart med piler på, trengs det forankring på noko vis.

Dagen etter verkstaden med kommunestyret, var ordførar, kommunalsjefar, administrasjonen, Distriktssenteret og fylkeskommunen alle med på ei debriefing. Trådar vart samla og opplevingar utveksla, men mest viktig av alt: planen vidare vart lagt.

Planavdelinga reinskriv innspela som kom frå kommunestyret og ungdomsmøtet. So oppretta dei ei prosjektgruppe av representantar frå administrasjonen, noko kommunalsjefane skal bistå med. Gruppa skal med innspela som grunnlag lande eit ønska resultat for utvikling av Bagn og presentere dette for kommunestyret innan halvannan månad.

Om ein kan bli einige om ei retning og ein prosess og forankre denne politisk, sikrar ein at det faktisk skjer noko.

Ordførar, kommunalsjefar, administrasjonen, Distriktssenteret og fylkeskommunen var alle med på ein debriefing dagen etter verkstaden. Målet var å oppsummere det som kom fram på møtet og leggje ein plan for prosjektet vidare, slik at kjem noko ut av arbeidet.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit